Olav Kringen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:


== Journalist og politikar i Noreg ==
== Journalist og politikar i Noreg ==
Snart etter heimkomsten frå Amerika i 1897 vart Kringen tilsett som sekretær i redaksjonen for Social-Demokraten i Kristiania. Det skjedde etter landsmøtebeslutning i partiet, men etter oppmoding frå daverande redaktør Oscar Nissen. Etter fleire redaktørskifte vart Kringen vald som redaktør for bladet i 1903. Året etter vart han attvald i skarp konkurranse med [[Alfred Eriksen]], og Kringen vart i sitjande i redaktørstolen til 1906, da han gjekk av som følgje av striden rundt unionsoppløysinga. Kringen ville i samsvar med haldningane til dei svenske sosialdemokratane godta ein del svenske krav til unionsoppløysinga, medan, som det heiter i ein seinare omtale av dette i Romerikes blad «en stor del av vårt parti ble grepet av en flammende chauvinisme», og Kringen kom på kant med «det nasjonalistiske partiflertall». Han reiste da til Tyskland og gav særleg innsiktsfulle innblikk i fløydanningane innan den tyske arbeidarrørsla. Han var da i oppdrag for Aftenposten. Men etter dette avbrotet heldt Kringen fram i Social-Demokraten som journalist, særleg med utanriksstoff og litteraturomtaler, til 1920.


== Internasjonalisten ==
== Internasjonalisten ==

Sideversjonen fra 18. mar. 2017 kl. 07:25

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Olav Kringen (fødd i Sel 27. juli 1867, død i Oslo 6. oktober 1951) var lærar, journalist, politikar og forfattar. Han var redaktør for ei lang rad sosialistiske blad i USA og Noreg, og korrespondent for kjende aviser i fleire andre land. Han var husmannsguten som vart den norske arbeidarrørsla si fremste røyst i internasjonal samanheng rundt førre hundreårsskiftet, mellom anna som norsk representant ved Den 2. internasjonale. Han omsette Det kommunistiske manifestet og Internsajonalen til norsk, og skreiv fleire bøker om sosialismen og arbeidarrørsla. Politisk høyrde han til den reformistiske fløya av denne rørsla.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på husmannsplasen Larsstugu (Kringeneie) under Nørdre Kringen i Sel, like sør for stasjonsbyen Otta. Foreldra var Ole Olsen frå plassen Torestugu (1840-1917) og Anne Johannesdotter frå Larsstugu (1846-1930). Faren skreiv seg på eit seinare tidspunkt for Ole Moen, og han og Anne blir båe også omtala som Kringeneie eller Kringen. Foreldra var ikkje gifte da Olav vart fødd, men inngjekk ekteskap tre år seinare, 7. november 1870.[1] Olav hadde ei mykje yngre syster, Sina (fødd 1884).

Olav Kringen gifta seg i Minnesota den 5. mai 1896 med Inger Maria fødd Randseth (5. juni 1864-15. mai 1944), opphavleg frå Snåsa, dotter av Ole Nilsen Randseth og Kristianna Jonsdotter fødd Langhus. Ekteskapet mellom Olav og Inger Kringen vart oppløyst (etter 1910), og Olav gifta seg på nytt med Kristiane Larsen (f. 22. mars 1882 eller 1883, død 3. juni 1954), dotter av Andreas Larsen og Kristine Larsen.

Til Amerika

Vi kjenner ikkje til at Kringen fekk nokon skulegang i Noreg ut over folkeskulen. Men han hadde to lærarar der som forstod kva givnader guten hadde, og som let han lese så mykje han ville i boksamlingane sine. Han arbeidde som gardsarbeidar, tømmerhoggar og fløytar fram til han emigrerte til USA som tjueåring i 1887.

Også foreldra og syster til Olav emigrerte. Foreldra skaffa seg ein farm i det nordlege Minnesota, ein stad Olav Kringen omtalar som «den vidunderlige farm mine foreldre hadde i Park-regionen ved Mississippis og Red Rivers kilder». Av eit bevart brev frå faren til Olav, datert Erhard, Minnesota 9. oktober 1910, framgår det at sonen har bede foreldra om å kome heim og bu på Flekken, dvs. den feriestaden som Kringen hadde skaffa seg nær barndomsheimen ved Otta. Faren takkar for tilbodet, men det vart visst aldri noko av. Det framgår også av brevet at syster Sina er i Amerika på det tidspunktet. Ti år tidlegare budde Sina hjå Olav og Inger i Kristiania.[2]

Arbeidsmann, lærar og journalist i USA 1887-1897

I Amerika tok Kringen seg gardsarbeid og ymse anna i sommarhalvåret, medan han sytte for å få seg skulegang om vintrane. Han gjekk mellom anna på det lutherske Augsburg College i Minneapolis. Han tok lærareksamen og arbeidde som lærar i grunnskulen i Minnesota og Dakota 1892-1895. Så gjekk han over til journalistikken, og var mellom anna redaktør for fråhaldsavisa Nye nordmanden i Minneapolis saman med ein annan norsk-amerikanar, H.A.Foss. På denne tida byrja Kringen å interessere seg for sosialismen, og han fortel sjølv at fråhaldsavisa under hans redaksjon litt etter litt vart eit reint sosialistisk blad.[3]

I Minneapolis delte Kringen i lengre tid hybel med ein annan kjend norsk-amerikansk pressemann, Kristian Prestgard.

Journalist og politikar i Noreg

Snart etter heimkomsten frå Amerika i 1897 vart Kringen tilsett som sekretær i redaksjonen for Social-Demokraten i Kristiania. Det skjedde etter landsmøtebeslutning i partiet, men etter oppmoding frå daverande redaktør Oscar Nissen. Etter fleire redaktørskifte vart Kringen vald som redaktør for bladet i 1903. Året etter vart han attvald i skarp konkurranse med Alfred Eriksen, og Kringen vart i sitjande i redaktørstolen til 1906, da han gjekk av som følgje av striden rundt unionsoppløysinga. Kringen ville i samsvar med haldningane til dei svenske sosialdemokratane godta ein del svenske krav til unionsoppløysinga, medan, som det heiter i ein seinare omtale av dette i Romerikes blad «en stor del av vårt parti ble grepet av en flammende chauvinisme», og Kringen kom på kant med «det nasjonalistiske partiflertall». Han reiste da til Tyskland og gav særleg innsiktsfulle innblikk i fløydanningane innan den tyske arbeidarrørsla. Han var da i oppdrag for Aftenposten. Men etter dette avbrotet heldt Kringen fram i Social-Demokraten som journalist, særleg med utanriksstoff og litteraturomtaler, til 1920.

Internasjonalisten

Kringen var utsending til Den 2. internasjonales kongress i Paris 1900, der det vart vedteke å opprette eit permanent administrasjon for organisasjonen med sete i Brüssel. Kringen var arbeidarpartiets representant her til 1906. Da Den 2. internasjonale (Den Sosialistiske Arbeider-Internasjonale) vart reetablert i Hamburg i mai 1923, var Kringen ein av dei fire delegatane frå Noreg på stiftingskongressen.

Forfattarskapet

Referansar

  1. kyrkjebok for Vågå
  2. Mal:Folketelling person
  3. Intervju i Social-Demokraten 4.10.1917.

Kjelder og litteratur