Olav Kringen: Forskjell mellom sideversjoner

1 313 byte lagt til ,  18. mar. 2017
Mellomlagring
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 19: Linje 19:


== Journalist og politikar i Noreg ==
== Journalist og politikar i Noreg ==
Snart etter heimkomsten frå Amerika i 1897 vart Kringen tilsett som sekretær i redaksjonen for Social-Demokraten i Kristiania. Det skjedde etter landsmøtebeslutning i partiet, men etter oppmoding frå daverande redaktør Oscar Nissen. Etter fleire redaktørskifte vart Kringen vald som redaktør for bladet i 1903. Året etter vart han attvald i skarp konkurranse med [[Alfred Eriksen]], og Kringen vart i sitjande i redaktørstolen til 1906, da han gjekk av som følgje av striden rundt unionsoppløysinga. Kringen ville i samsvar med haldningane til dei svenske sosialdemokratane godta ein del svenske krav til unionsoppløysinga, medan, som det heiter i ein seinare omtale av dette i Romerikes blad «en stor del av vårt parti ble grepet av en flammende chauvinisme», og Kringen kom på kant med «det nasjonalistiske partiflertall». Han reiste da til Tyskland og gav særleg innsiktsfulle innblikk i fløydanningane innan den tyske arbeidarrørsla. Han var da i oppdrag for Aftenposten. Men etter dette avbrotet heldt Kringen fram i Social-Demokraten som journalist, særleg med utanriksstoff og litteraturomtaler, til 1920.
Snart etter heimkomsten frå Amerika i 1897 vart Kringen tilsett som sekretær i redaksjonen for Social-Demokraten i Kristiania. Det skjedde etter landsmøtebeslutning i partiet, men etter oppmoding frå daverande redaktør Oscar Nissen. Etter fleire redaktørskifte vart Kringen vald som redaktør for bladet i 1903. Året etter vart han attvald i skarp konkurranse med [[Alfred Eriksen]], og Kringen vart i sitjande i redaktørstolen til 1906, da han gjekk av som følgje av striden rundt unionsoppløysinga. Kringen ville i samsvar med haldningane til dei svenske sosialdemokratane godta ein del svenske krav til unionsoppløysinga, medan, som det heiter i ein seinare omtale av dette i Romerikes blad «en stor del av vårt parti ble grepet av en flammende chauvinisme», og Kringen kom på kant med «det nasjonalistiske partiflertall». Han reiste da til Tyskland og gav særleg innsiktsfulle innblikk i fløydanningane innan den tyske arbeidarrørsla. Han var da i oppdrag for Aftenposten, men arbeidde igjen for Social-Demokraten etter heimkomsten.
 
I 1909 flytta Kringen til Hamar, der han starta avisa Demokraten, og han budde der nokre år. Men etter dette avbrotet heldt Kringen fram i Social-Demokraten i Kristiania som journalist, særleg med utanriksstoff og litteraturomtaler, fram til 1920.
 
Kringen var også ei tid redaktør for Smålenenes Socialdemokrat, og han stifta og redigerte ein periode Trøndelag Socialdemokrat. Seinare skreiv han mest på freelancebasis i ei rekkje fagforeingsblad og sosialdemokratiske aviser som Romeriks Blad og fleire.
 
Ved sida av journalistikken var Kringen ein ivrig og dugande organisator. Han medverka til skiping av ei rekkje partilag og fagforeiningar. Mellom anna var han med ved stiftinga av Kristiania sosialdemokratiske ungdomslag i 1899, og var med blant initiativtakarane til ungdomsforbundet (det seinare AUL/AUF).
 
Han gjorde seg også gjeldande som utøvande politikar. I perioden 1904-1907 sat han i Kristiania bystyre. Under det viktige partilandsmøtet i 1911, var han i følgje det nemnde stykket i Romerikes blad (1937) den som formulerte innleiingane til dei fleste punkta i partiprogrammet som vart vedtekne. Som partimann var Kringen overtydd reformist og med klår fråstand til dei revolusjonære fløyane i partiet, både «tranmælittane» og dei som danna NKP i 1923. Ved den fyrste partisplittinga i 1921, følgde Kringen med inn i Norges Socialdemokratiske parti.


== Internasjonalisten ==
== Internasjonalisten ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer