Olav Kringen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Kringen (fødd i Sel 27. juli 1867, død i Oslo 6. oktober 1951) var lærar, journalist, politikar og forfattar. Han var redaktør for ei lang rad sosialistiske blad i USA og Noreg og korrespondent for kjende aviser i fleire andre land. Han var husmannsguten som vart den norske arbeidarrørsla si kanskje fremste røyst i internasjonal samanheng rundt førre hundreårsskiftet, mellom anna som norsk representant ved Den 2. internasjonale. Han omsette Det kommunistiske manifestet og Internsajonalen til norsk, og skreiv fleire bøker om sosialismen og arbeidarrørsla. Politisk høyrde han til den reformistiske fløya av denne rørsla.

Bakgrunn og familie

Kringen var fødd og oppvaksen på husmannsplasen Larsstugu (Kringeneie) under Nørdre Kringen i Sel, like sør for stasjonsbyen Otta. Foreldra var Ole Olsen frå plassen Torestugu (1840-1917) og Anne Johannesdotter frå Larsstugu (1846-1930). Faren skreiv seg på eit seinare tidspunkt for Ole Moen, og han og Anne blir båe også omtala som Kringeneie eller Kringen. Foreldra var ikkje gifte da Olav vart fødd, men inngjekk ekteskap tre år seinare, 7. november 1870.[1]

Olav Kringen gifta seg i Minnesota den 5. mai 1896 med Inger Maria fødd Randseth (5. juni 1864-15. mai 1944), opphavleg frå Snåsa, dotter av Ole Nilsen Randseth og Kristianna Jonsdotter fødd Langhus. Ekteskapet mellom Olav og Inger Kringen vart oppløyst, og Olav gifta seg på nytt med Kristiane Larsen (f. 22. mars 1882 eller 1883, død 3. juni 1954), dotter av Andreas Larsen og Kristine Larsen.

Referansar

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!