Oldedalen feavlslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. aug. 2018 kl. 10:57 av Jarl V. Erichsen (samtale | bidrag) (Ny side: Feavlslaga vart skipa i 1925. Dei sette opp lovar for laget, og formålsparagrafen (§1) var slik: ”Oldedalens feavlslag er et paa aktier uansvarligt lag, som har til fyremaal aa fremj...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Feavlslaga vart skipa i 1925. Dei sette opp lovar for laget, og formålsparagrafen (§1) var slik: ”Oldedalens feavlslag er et paa aktier uansvarligt lag, som har til fyremaal aa fremja feavlen av rein fjordrase ved innkjøp og udstationering av typiske og gode avlsdyr.”

Like etter lovane for feavlslaget fann eg denne lista: ”Namn paa Lagslemorne: Fredrik Kvame, Kolben Kvame, Markus Kvame, Jørgen Kvame, Johan J. Kvame, Jakob Aaberg, Knut Høgalmen, Kristen Høgalmen, Rasmus Høgalmen, Elling Møkløen.” I det første styret sat K. Kvame, E. Møkløen og Jakob Aaberg.

Laget gjekk snart til innkjøp av ein okse. Namnet vart Svein. Tanken var at oksen skulle utstasjonerast hos eit av medlemmene kvar vinter. Om sommaren gjekk oksen på beite.

I 1928/29 stod oksen på båsen hos Johan Kvamme. Han fekk 280.- kroner for dette. Johan hadde oksen i 199/30 og 1930/31 óg. Han fekk 230.- og 220.- kroner for dette. Jakob J. Kvamme fortel at dei unge på bruket ikkje lika den svære, fårlege oksen. Det var berre Johan og systera Andrine som klårte å rå med oksen. Ein gong fekk oksen rispa opp ein bukk så dei kunne sjå lunga gjennom ribbeina. Men bukken vart sydd saman igjen!

På årsmøtet i 1933 vedtek dei at den som fórer oksen skulle vere kasserar i laget.

I protokollen finn eg desse namna på oksar: Svein, Lavrand, Sæmund, Gråplom og Aarestad (?).

Men feavlslaget fekk vanskar! I 1933 slo Lavrand seg i hel i hamnen, og laget måtte kjøpe ein ny okse. Dei fekk fatt i ein okse som hadde namnet Sæmund. Men Sæmund slo seg i hel i hamnen, han og!

I 1937 valde dei dette styret: Johan Kvame, Fredrik Kvame og Nils Høgalmen. Johan Kvame vart vald som formann.

Men av ein eller annan grunn vart drifta av laget vanskeleg, og snart låg drifta nede. Men i romjula 1942 nyskipa dei laget. I det nye styret sat Rasmus Aaberg (formann), Arne Myyklebust (kassestyrar) og Nils Høgalmen.

Eit krigsår gjekk oksen på beite lengre ute i fjorden. Men då dei skulle sjå etter han var han borte. Dei fann ingen spor etter han. Då krigen var over fekk dei høyre at heimestyrkane hadde slakta han!

Det er ikkje rekneskapsnoteringar etter 1975.