Oldedalen feavlslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oldedalen feavlslag vart skipa i 1925. Føremålet var å fremja avl av rein fjordrase ved å kjøpe inn og bruke gode avlsdyr.

Medlemar og styre

Dei fyrste lagsmedlemane var Fredrik Kvame, Kolben Kvame, Markus Kvame, Jørgen Kvame, Johan J. Kvame, Jakob Aaberg, Knut Høgalmen, Kristen Høgalmen, Rasmus Høgalmen og Elling Møkløen. I det fyrste styret sat K. Kvame, E. Møkløen og Jakob Aaberg.

Ved skipinga sette laget opp lovar, og føremålsparagrafen (§1) var slik:

”Oldedalens feavlslag er et paa aktier uansvarligt lag, som har til fyremaal aa fremja feavlen av rein fjordrase ved innkjøp og udstationering av typiske og gode avlsdyr.”

Laget sine oksar

Laget gjekk snart til innkjøp av ein okse. Namnet vart Svein. Tanken var at oksen skulle utstasjonerast hos eit av medlemmene kvar vinter, medan han om sommaren gjekk på beite.

I 1928/29 stod oksen på båsen hos Johan Kvamme. Han fekk 280 kroner for dette. Johan hadde oksen i 1929/30 og 1930/31 og fekk 230 og 220 kroner for det.

Jakob J. Kvamme fortel at dei unge på bruket ikkje lika den svære, fårlege oksen. Det var berre Johan og systera Andrine som klårte å rå med oksen. Ein gong rispa oksen opp ein bukk, så dei kunne sjå lunga gjennom ribbeina. Men bukken vart sydd saman igjen.

I 1930 vedtok laget at det skulle koste 2,50 kroner for aksjonærar og 3,50 kroner for andre å bruke oksen. På årsmøtet i 1933 vedtok dei at den som hadde oksen på fôr, skulle vere kasserar i laget.

Laget fekk etter kvart fleire oksar. Uhellet ville at Lavrand i 1933 slo seg i hel i hamna. Laget måtte då kjøpe ein ny og fekk fatt i Sæmund, men han slo seg også i hel i hamna. Lagsprotokollen nemner i tillegg oksane Gråplom og Aarestad(?).

Vanskar og nyskiping

I 1937 vart dette styret valt: Johan Kvame (formann), Fredrik Kvame og Nils Høgalmen. Av ein eller annan grunn støtte dei på vanskar, og snart låg drifta nede, men romjula 1942 vart laget nyskipa. I det nye styret sat Rasmus Aaberg (formann), Arne Myklebust (kassestyrar) og Nils Høgalmen.

Krigsår

Eit krigsår gjekk oksen på beite lengre ute i fjorden, men då dei skulle sjå etter han, var han borte. Dei fann ingen spor etter han. Då krigen var over, fekk dei høyre at heimestyrkane hadde slakta han.

Avvikling

20. august 1974 skreiv formann Olav Kvame og kasserer Jakob Kvamme i rekneskapsboka at kassasummen på 1729,97 kroner skulle overførast til Oldedalen ensileringslag. Etter 1975 finst ikkje rekneskapsnoteringar.

Kilde

  • Lagsprotokollar fra Oldedalen fealvslag.
  • Munnleg kjelde: Jakob J. Kvamme.