Ole Edvart Rølvaag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Edvart Rølvaag (fødd 22. april 1876Dønna i Nordland, død 5. november 1931 i Northfield, Minnesota) var norsk-amerikansk forfattar og professor. Han fekk si utdanning ved Augustana College i Sør-Dakota, St. Olaf College i Northfield, Minnesota og Universitetet i Oslo. Brorparten av livet arbeidde han ved St. Olaf der han underviste i norsk språk og litteratur, og den norske immigrasjonshistoria i USA. Han skreiv og fleire bøker som skildrar dei norske settlarane sitt liv på prærien i Dakota, og korleis dei innfødte sin kultur kunne kollidera med immigrantane sin.

Ole Edvardt var son til Peder Benjamin Jakobs. Rølvaag (f 1846) og kona Elerine Johanna Pedersd. (f 1844). Familien budde på farsgarden, og folketeljinga 1875 syner at han hadde to eldre syskjen – Johan Kristian (f 1871) og Marta Zahl (f 1873). Teljinga 1900 syner at han og hadde fire yngre syskjen, Peder (f 1878), Andreas (f 1882), Kaia (f 1885) og peleisystra Jenny Johansen (f 1894). Ole Edvart sto til konfirmasjon 14. juni 1891 og fekk karakteren «nesten meget godt» av presten.

Då han 20 år gamal reiste frå familien vart reisa betalt i Amerika. Ole Edvart var då ein ugift arbeidar som reiste med Thingval-lina frå Christinia til Eea Point (truleg Elk Point i Sør-Dakota). Lista «Emigranter over Trondheim 1867-1930» fortel at «Ekspedert dato» var 3. august 1896. Den tolvte amerikanske folketeljinga fann stad i 1900, og han budde då i Lincoln County i Sør-Dakota. Han var då student ved Augustana College i Canton City, og budde i huset der Anthony G. Tuve (f 1869 i Minnesota) og Ida M Tuve (f 1872 i Iowa) med sonen George L. var hovudbeboarar. Anthony var og president for Augustana College, og båe hadde norske foreldre. I huset budde fleire andre norske eller norskætta studentar som til dømes Christ Bjorgum (f 1873) og Sever O Eidam (f 1884). Ole Edvart vart amerikansk statsborgar i 1908, og folketeljinga i 1910 fortel at han då budde i Minnesota, Northfield Ward 3, Rice County. Han var vigd med Jennie M., føddd 1. juni 1879 i Sør-Dakota, far hennar var fødd i Norge og mora i Wisconsin, og dei hadde sonen Olaf A. som ikkje var året gamal. Ti år seinare bur familien framleis i Northfield, og dei har no tre born, Ella V. (f ca 1911), Carl F. (f ca 1914) og Paul G. (f ca 1916), men Olaf nemnes ikkje. I 1930 bur Ella framleis heime, nett som sonen Fritz (f ca 1924). Truleg har familien størstedelen av tida i Northfield budd i 311 Manitou St i Northfield City.

Til minne om...

  • Familien sitt hus på 311 Manitou St. i Northfield City vart 4. august 1969 innlemma i U.S. National Register of Historic Places og U.S. National Historic Landmark.
  • Rolvaag Library ved St. Olaf College fekk sitt namn i 1944.
  • I 1988 vart Ole Edvart Rølvaag innlemma i Scandinavian-American Hall of Fame.

Bibliografi

  • 1912: The Third Life of Per Smevik, sjølvbiografisk
  • 1914: On Forgotten Paths
  • 1920: Pure Gold
  • 1921: The Boat of Longing
  • 1923: Giants in the Earth, skriven medan han hadde ein sabbatsperiode frå St. Olaf College.
  • 1929: Peder Victorious
  • 1931: Their Father's God

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!