Ole Ivarsson Midthaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. des. 2014 kl. 14:49 av Haraldkr (samtale | bidrag) (Ny side: Ole Ivarsson Midthaugen (ca. 1765 - 1851). Ole Ivarsson vaks opp på garden Øren i Kleve sokn, Bolsøy prestegjeld. Han vart i 1793 gift med Ane Pedersdotter Nes frå same sokn...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Ivarsson Midthaugen (ca. 1765 - 1851). Ole Ivarsson vaks opp på garden Øren i Kleve sokn, Bolsøy prestegjeld. Han vart i 1793 gift med Ane Pedersdotter Nes frå same sokn og prestegjeld. Saman fekk dei minst tre born. Faren kjøpte Midthaugen i 1783, og Ole Iversson overtok truleg som brukar på garden i samband med giftemålet, i alle fall før 1801.

Ole Ivarsson Midthaugen var valmann for Bolsøy prestegjeld våren 1814, eit ombod han også hadde i samband med stortingsvalet i 1821.

Kjelde:

Olafsen-Holm, Jørgen: "Bolsøyboka – en natur- og samfunnshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred", bd. 1, s. 512-513, bd. 2, s. 718.