Ole Ivarsson Midthaugen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ole Ivarsson Midthaugen (ca. 1765 - 1851) vaks opp på garden Øren i Kleve sokn, Bolsøy prestegjeld. Han vart i 1793 gift med Ane Pedersdotter Nes frå same sokn og prestegjeld. Saman fekk dei minst tre born. Faren kjøpte Midthaugen i 1783, og Ole Iversson overtok truleg som brukar på garden i samband med giftemålet, i alle fall før 1801.
Ole Ivarsson Midthaugen var valmann for Bolsøy prestegjeld våren 1814, eit ombod han også hadde i samband med stortingsvalet i 1821.
Kjelde
- Olafsen-Holm, Jørgen: "Bolsøyboka – en natur- og samfunnshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred", bd. 1, s. 512-513, bd. 2, s. 718.
- Ole Ivarsson Midthaugen i Historisk befolkningsregister.