Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:
== Leigespinning ==
== Leigespinning ==
Av svenske handverkarar i Sandnes fekk Nielsen høyre om fargarar i Sverige som i tillegg til farginga også dreiv såkalla leigespinning, dvs. at dei tok i mot ull frå sauebøndene i distriktet og spann ferdig garnet for dei. Etter ein tur til Sverige for å sjå nærare på denne verksemda, starta Nielsen eit lite spinneri i Sandnes. Det var fem mann tilsette under fagleg leiing av ein svenske. Kardemaskinane vart drivne med ei hestevandring. Dette var visstnok det fyrste «bondespinneriet» her til lands.

== Ålgård. Industrireising ==
I 1870 flytta Nielsen verksemda si til [[Ålgård]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]], halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til spinnemaskinene. Nielsen  hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i [[Edland]]. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet [[Aalgaards Uldspinderi]].
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer