Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

Litt tilføyingar og justeringar
Ingen redigeringsforklaring
(Litt tilføyingar og justeringar)
Linje 13: Linje 13:


== Leigespinning ==
== Leigespinning ==
Av svenske handverkarar i Sandnes fekk Nielsen høyre om fargarar i Sverige som i tillegg til farginga også dreiv såkalla leigespinning, dvs. at dei tok i mot ull frå sauebøndene i distriktet og spann ferdig garnet for dei. Etter ein tur til Sverige for å sjå nærare på denne verksemda, starta Nielsen eit lite spinneri i Sandnes. Det var fem mann tilsette under fagleg leiing av ein svenske. Kardemaskinane vart drivne med ei hestevandring. Dette var visstnok det fyrste «bondespinneriet» her til lands.
Av svenske handverkarar i Sandnes fekk Nielsen høyre om fargarar i Sverige som i tillegg til farginga også dreiv såkalla leigespinning med maskiner, dvs. at dei tok i mot ull frå sauebøndene i distriktet og spann ferdig garnet for dei. Etter ein tur til Sverige for å sjå nærare på denne verksemda, starta Nielsen eit lite spinneri i Sandnes. Det var fem mann tilsette under fagleg leiing av ein svenske. Spinnemaskinen måtte drivast med handkraft, medan kardemaskinane vart drivne med ei hestevandring. Dette var visstnok det fyrste «bondespinneriet» her til lands.


== Ålgård. Industrireising ==
== Ålgård. Industrireising ==
I 1870 flytta Nielsen verksemda si til [[Ålgård]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]], halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til spinnemaskinene. Nielsen  hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i [[Edland]]. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet [[Aalgaards Uldspinderi]].
I 1870 flytta Nielsen verksemda si til [[Ålgård]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]], halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til spinnemaskinene. Nielsen  hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i [[Edland]]. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet [[Aalgaards Uldspinderi]].


Da andre i Gjesdal la planar om å starte ei konkurrerande bedrift i bygda, [[Gjæsdals Uldspinderi]], fekk Nielsen overtala dei til heller å slå seg saman med han i eit større aksjeselskap. Det vart skipa i 1874 og fekk namnet AS Aalgaards Uldspinderi, seinare AS Aalgaards Uldindustri. Nielsen hadde halvparten av aksjekapitalen, og var leiar for føretaket. Snart tok den nye bedrifta til med tøyproduksjon i tillegg til, og snart som dominerande i forhold til spinninga. Leigespinninga vart det etter kvart slutt på, og fabrikken kjøpte sitt eige råstoff der det høvde best, til dels frå utlandet. Nielsen-familien starta i 1889 også ein trikotasjefabrikk til på [[Figgjo]] i Sandnes kommune, og den gjekk i 1893 inn i det som nå vart heitande AS Aalgaard Uldvarefabriker.
Mykje tyder på at Ole Nielsen kom lokalt baserte industriplanar i forkjøpet. [[Eilert Sundt]] fortel nemleg at Gabriel Edland frå Gjesdal i 1867 var i Kristiania for å studere karde- og spinnemaskiner, og det var håp om å få danna eit aksjeselskap for eit mekanisk spinneri. Men selskapet [[Gjæsdals Uldspinderi]] vart ikkje skipa før Nielsen hadde vunnest på å etablere seg i bygda. I den konkurransesituasjonen som oppstod, fekk Nielsen overtala dei lokale aktørane til heller å slå seg saman med han i eit større aksjeselskap. Det vart skipa i 1874 og fekk namnet AS Aalgaards Uldspinderi, seinare AS Aalgaards Uldindustri. Nielsen hadde halvparten av aksjekapitalen, og var leiar for føretaket. Snart tok den nye bedrifta til med tøyproduksjon i tillegg til, og snart som dominerande i forhold til spinninga. Leigespinninga vart det etter kvart slutt på, og fabrikken kjøpte sitt eige råstoff der det høvde best, til dels frå utlandet. Nielsen-familien starta i 1889 også ein trikotasjefabrikk på [[Figgjo]] i Sandnes kommune, og den gjekk i 1893 inn i det som nå vart heitande AS Aalgaard Uldvarefabriker.


Året etter trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.
Året etter trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.


== Den patriarkalske fabrikkleiaren ==
== Den patriarkalske fabrikkleiaren ==
Frå byrjinga av budde dei ugifte av  arbeidsstokken i eit felleshushald, slik det tydeleg framgår f.eks. av folketeljinga 1875.<ref>{{folketelling|bf01052245003774|Aalgaard Uldspinderie|1875|Gjesdal}}</ref> Da utgjer hushaldet på Aalgaards Uldspinderie 22 personar, alle ugifte med unntak for ein kvinneleg tilsett. Ole Nielsens søner Nils og Hans høyrer hushaldet til som høvesvis spinnemeister og fargardreng. Ole Nielsen sjølv og resten av familien flytta ikkje frå Sandnes før nokre år seinare. Frå da av var det Ole og Malena sjølve som styrde som husfar og husmor. Dei var ikkje så store på det, og Malena tok seg mykje av matstellet og vaska kleda til dei tilsette. På den tid utgjorde felleshushaldet om lag 50 personar, og talet var dobla etter ti års tid. Disiplinen var streng, mellom anna med fast tidpunkt som dei ugifte arbeidarane skulle vera innanhuses. For gifte arbeidarfamiliar bygde fabrikken arbeidarbustader med opparbeidd potetland.
Frå byrjinga av budde dei ugifte av  arbeidsstokken i eit felleshushald, slik det tydeleg framgår f.eks. av folketeljinga 1875.<ref>{{folketelling|bf01052245003774|Aalgaard Uldspinderie|1875|Gjesdal}}</ref> Da utgjer hushaldet på Aalgaards Uldspinderie 22 personar, alle ugifte med unntak for ein kvinneleg tilsett. Ole Nielsens søner Nils og Hans høyrer hushaldet til som høvesvis spinnemeister og fargardreng. Ole Nielsen sjølv og resten av familien flytta ikkje frå Sandnes til Ålgård før nokre år seinare. Men frå da av var det Ole og Malena sjølve som styrde som husfar og husmor. Malena tok seg mykje av matstellet og vaska kleda til dei tilsette. På den tid utgjorde felleshushaldet om lag 50 personar, og talet var dobla etter ti års tid. Det var strenge husordensreglar, mellom anna med fast tidpunkt som dei ugifte arbeidarane skulle vera innanhuses. For gifte arbeidarfamiliar bygde fabrikken arbeidarbustader med opparbeidd potetland.


Det vart halde meir eller mindre obligatoriske samlingar for fabrikkens folk og andakt kvar sundag. Om Nielsens haugianske bakgrunn skriv historikaren [[Hallvard Nordås]] m.a. følgjande:
Det vart halde meir eller mindre obligatoriske samlingar for fabrikkens folk og andakt kvar sundag. Om Nielsens haugianske bakgrunn skriv historikaren [[Hallvard Nordås]] m.a. følgjande:
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer