Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

→‎Ålgård. Industrireising: navn iht Norsk biografisk leksikon
(F-merking for framsidevising Gjesdal med meir)
(→‎Ålgård. Industrireising: navn iht Norsk biografisk leksikon)
Linje 16: Linje 16:


== Ålgård. Industrireising ==
== Ålgård. Industrireising ==
I 1870 flytta Nielsen verksemda si til [[Ålgård]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]], halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til maskinene. Nielsen  hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i [[Edland]]. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet [[Aalgaards Uldspinderi]].
I 1870 flytta Nielsen verksemda si til [[Ålgård]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]], halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til maskinene. Nielsen  hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i [[Edland]]. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet [[A/S Aalgaards Uldindustri]].


Mykje tyder på at Ole Nielsen hadde kome lokalt baserte industriplanar i forkjøpet. [[Eilert Sundt]] fortel nemleg at [[Gabriel Edland]] frå Gjesdal i 1867 var i Kristiania for å studere karde- og spinnemaskiner, og det var håp om å få danna eit aksjeselskap for eit mekanisk spinneri. Men selskapet [[Gjæsdals Uldspinderi]] vart ikkje skipa før Nielsen allereie hadde vunnest på å etablere seg i bygda. I den konkurransesituasjonen som oppstod, fekk Nielsen overtala dei lokale aktørane til heller å slå seg saman med han i eit større aksjeselskap. Det vart skipa i 1874 og fekk namnet AS Aalgaards Uldspinderi, seinare AS Aalgaards Uldindustri. Nielsen hadde halvparten av aksjekapitalen, og var leiar for føretaket. Snart tok den nye bedrifta til med tøyproduksjon i tillegg til, og snart som dominerande i forhold til spinninga. Leigespinninga vart det etter kvart slutt på, og fabrikken kjøpte sitt eige råstoff der det høvde best, til dels også frå utlandet. Nielsen-familien starta i 1889 også ein trikotasjefabrikk  på [[Figgjo]] i Sandnes kommune, og den gjekk i 1893 inn i det som nå vart heitande AS Aalgaard Uldvarefabriker.
Mykje tyder på at Ole Nielsen hadde kome lokalt baserte industriplanar i forkjøpet. [[Eilert Sundt]] fortel nemleg at [[Gabriel Edland]] frå Gjesdal i 1867 var i Kristiania for å studere karde- og spinnemaskiner, og det var håp om å få danna eit aksjeselskap for eit mekanisk spinneri. Men selskapet [[Gjæsdals Uldspinderi]] vart ikkje skipa før Nielsen allereie hadde vunnest på å etablere seg i bygda. I den konkurransesituasjonen som oppstod, fekk Nielsen overtala dei lokale aktørane til heller å slå seg saman med han i eit større aksjeselskap. Det vart skipa i 1874 og fekk namnet AS Aalgaards Uldspinderi, seinare AS Aalgaards Uldindustri. Nielsen hadde halvparten av aksjekapitalen, og var leiar for føretaket. Snart tok den nye bedrifta til med tøyproduksjon i tillegg til, og snart som dominerande i forhold til spinninga. Leigespinninga vart det etter kvart slutt på, og fabrikken kjøpte sitt eige råstoff der det høvde best, til dels også frå utlandet. Nielsen-familien starta i 1889 også ein trikotasjefabrikk  på [[Figgjo]] i Sandnes kommune, og den gjekk i 1893 inn i det som nå vart heitande A/S Aalgaards Uldvarefabrik.


Året etter (1894) trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.
Året etter (1894) trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.
Skribenter
95 110

redigeringer