Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:


Ole Nielsen gifta seg i 1853 med Malena Hansdotter Selvig (1828-1915), dotter av jekteskippar Hans Andersen Selvig i Sandnes. Ole og Malena fekk åtte born, fire gutar og fire jenter.
Ole Nielsen gifta seg i 1853 med Malena Hansdotter Selvig (1828-1915), dotter av jekteskippar Hans Andersen Selvig i Sandnes. Ole og Malena fekk åtte born, fire gutar og fire jenter.
== Læregut, svein og eiga fargarverksemd ==
Ole Nielsen flytta heimefrå som 15-åring. Han gjekk i lære hos fargar [[Daniel Danielsen]] i [[Stavanger]]. Danielsen var kjend som haugianar og predikant. Ved sida av farginga var Danielsen også skipsreiar og økonomisk engasjert i sildefisket og ymse næringsverksemd som følgde med dette på denne tida. Fargeriet hadde Danielsen overteke frå ein enda betre kjend haugianar og forretningsdrivande, [[Jon Haugvaldstad]]. Ole Nielsen fekk sålis opplæringa si i eit driftig og pietistisk miljø som liknar mykje  på det som [[Alexander Kielland]] skildrar i ''Skipper Worse''.
Etter åtte år som lærling og svein drog Ole Nielsen i 1850 til strandstaden Sandnes og starta si eiga fargarverksemd der. Startkapitalen var 100 spesidalar som han hadde spart seg opp i Stavanger. Da Sandnes fekk status som [[ladestad]] og eiga [[bykommune]] i 1860, vart Nielsen vald inn i kommunestyret, eit tydeleg teikn på at han hadde oppnådd ein respektabel posisjon i byen sitt nærings- og borgarlege liv.