Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 20: Linje 20:


Året etter trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.
Året etter trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.
== Den patriarkalske fabrikkleiaren ==
Frå byrjinga av budde dei ugifte av  arbeidsstokken i eit felleshushald, som Ole Nielsen og kona styrde sjølv frå dei flytta frå Sandnes til Ålgård på byrjinga av 1880-talet. På den tid utgjorde felleshushaldet om lag 50 personar, og talet var dobla etter ti års tid. Disiplinen var streng, mellom anna med fast tidpunkt som dei ugifte arbeidarane skulle vera innanhuses. For gifte arbeidarfamiliar bygde fabrikken arbeidarbustader med opparbeidd potetland.
Det vart halde meir eller mindre obligatoriske samlingar for fabrikkens folk og andakt kvar sundag.
Om Nielsens haugianske bakgrunn skriv historikaren [[Hallvard Nordås]] m.a. følgjande:
:«Eg har peika på den haugianske og patriarkalske tradisjonen Ole Nielsen bygde på og bygde opp på Ålgård. Den haugianske arven må vi kanskje dempa noko. Gamle Sven Eliassen gav i 1936 denne karkteristikken av Ole Nielsen: "Han va greie – men inkje nettopp nådige kom du i ugunst mæ ‘an. Men han va magalaus au! Då me lae den fystre turbinen stod han opøve osse og skjenkte dram." Jau, Ole Nielsen både skjenkte dram og dans. Nokon typisk haugianar var han vel eigentleg ikkje, endå mange gjerne har vilja teikna det biletet av gamle Ole.»
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer