Ole Olsson Grue

Sideversjon per 19. des. 2014 kl. 21:46 av Haraldkr (samtale | bidrag) (Ny side: Ole Olsson Grue (ca. 1770-1823) vart konfirmert på Grip i 1789, men elles er opphavet hans ukjent. Ole Olsson vart i 1797 gift med Ane Ingebriktsdtr. (1769-1829), dotter av Ingebrig...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ole Olsson Grue (ca. 1770-1823) vart konfirmert på Grip i 1789, men elles er opphavet hans ukjent. Ole Olsson vart i 1797 gift med Ane Ingebriktsdtr. (1769-1829), dotter av Ingebrigt Hansson Blakstad og Maren Nilsdtr. Harstad, begge frå Batnfjorden i Kvernes prestegjeld. Paret fekk to born, men berre eitt vaks opp. I samband med giftemålet i 1797 er Ole Olsson omtalt som los. I fråværet av prest utførte Ole Olsson ofte dåpshandlinga ved heimedåp på Grip.

Ole Olsson Grue var valmann for Grip våren 1814.

Kjelde:

Paul Bakkmyr: "Befolkningen på Grip gjennom 300 år", s. 147.