Ole Olsson Grue

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Olsson Grue (ca. 1770-1823) vart konfirmert på Grip i 1789, men elles er opphavet hans ukjent. Ole Olsson vart i 1797 gift med Ane Ingebriktsdtr. (1769-1829), dotter av Ingebrigt Hansson Blakstad og Maren Nilsdtr. Harstad, begge frå Batnfjorden i Kvernes prestegjeld. Paret fekk to born, men berre eitt vaks opp. I samband med giftemålet i 1797 er Ole Olsson omtalt som los. I fråværet av prest utførte Ole Olsson ofte dåpshandlinga ved heimedåp på Grip.

Ole Olsson Grue var valmann for Grip våren 1814.

Kjelde: