Olstad (Fyresdal)

Sideversjon per 7. feb. 2018 kl. 18:11 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Olstad''' er gått ut frå gnr. 37 Århus i Fyresdal kommune, men har ikkje fått eige bruksnummer. Det er i 2018 Skippergata 6 i Folkestadbyen. Olav Tarjeison Århus bygsla i 1...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Olstad er gått ut frå gnr. 37 Århus i Fyresdal kommune, men har ikkje fått eige bruksnummer. Det er i 2018 Skippergata 6 i Folkestadbyen.

Olav Tarjeison Århus bygsla i 1886 ei tomt for 15 kroner årleg leige, truleg var det Olstad og stovebygningen bygd då. Nokre år seinare(1891-1899) budde Olav Tarjeison her saman med kona, Tone Marie Olavsdtr. (1861-1957) frå gnr. 36/4 Vaddeli, dei fekk fem born i lag. Før 1900 hadde dei flytt opp til Vaddeli, men som gamle budde dei på gnr. 36/15 Smeland som han kjøpte i 1928, der døydde han i 1935. Olav vart etter kvart kjent som Olav Vaddeli, han var dampskipsførar på D/S Fyresdølen og fekk tilnamnet "Storskipparen". Skippergata har fått sitt namn etter han.

Målaren Johannes Steinsland frå Bergen budde der nokre år etterpå, deretter kjøpte familien Olav A. Myrane Olstad i 1906. Etter det fleire eigarar.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33


Biletgalleri