Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda: Forskjell mellom sideversjoner

minimumssetning, korr.
(→‎Maure: orto)
(minimumssetning, korr.)
 
(16 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda]]'''
{{Innhold høyre}}
==Bronkje==
Når notalaga rundt i fjordbygdene skulle finne sild å kaste etter, så var det ikkje eit kast berre på vona. Då vart det sett folk i land på ein hammar eller eit høgdedrag for sjå etter '''bronkje'''. Sild ga ein brunleg farge i sjøen og eit trena auge såg dette raskt og kunne sende signal til sitt notlag som sette ut nota og berga fangst.
Var det ein makrellbronkje så var fargen litt meir blåaktig. Hestemakrellen når han går tett og høgt i sjøen vil bronkjen verte mørk, nesten litt mot svart.
==Drott eller notadrott==
Forklaring på uttrykket sjå [[Dråtten|drotten]].
==Hangert, geine, fjagg og fjått==
Nyare folkeleg forklaring er fleirskoren hengande talje med festeutstyr i begge endar (utan å ta desse samla gir knapt enkeltforklaringane meining).
Ved enkelt hengande talje er '''hangert''' ein tau- eller wire-ende som gjer øvre blokk fritthengande frå øvre feste (blokka får snu seg utan låsing). For [[«Nevada»._Kvalfangst_med_seglfartøy_i_Nordatlanteren|kvalfangst med seglfartøy]] brukte ein '''hangert''' horisontalt mellom to master. Mellom to master var den var tilpassa på lengde og vart henta opp og sjakla (skrua fast med sjakkel) fast til bakmastra i same høgde (paralellt med dekk) ved klargjering til flensing. Den kunne ikkje henge oppe ved bruk av storseglet. På '''hangert''' hengde ein to fir- eller fem-skorne taljar, '''geine'''.
'''Geine''' er i fylgje leksikon femskoren (eller meir) talje (det ser ut til at lokalt vart namnet brukt på all fleirskoren talje).  Der lasta var tung gjekk drageenden om '''«fot-blekre»'''/-blokker festa ved dekk/rekke/romluke for å styre drage-enden av '''geine''' til gang- eller sveivespel. På '''hangert''' mellom mastrene kan avstanden mellom to '''geine''' justerast.
'''Fjagg''' er "tredeende" (hanndel) (kjetting)-slings.
'''Fjått''' er låsedel (hoende) for (kjetting)-slings.
(Fjagg og fjått forstår ein best ved å sjå på ein "snarekjetting" til vinsjebruk med fjått snudd som låseende). 
Sjå tyding i Nynorsk ordbok for; hangert, geine og fjagg. Fjått er ikkje med. Uttrykket, '''skeivling''', i forklaringa, fortel at ein kan gå nedre ende på '''geine''' i alle retningar ut frå opphengs-punktet.
==Makrellharping==
Makrellharping manuelt kan enkelt samanliknast med dorg. Då med 20 til 30 onglar, når ein drog inn for å få tak i fangsten så var det like mange onglar i andre enden og dei gjekk ut. slik fiska harpa heile tida. No er dette vorte maskinelt med bruk av fleire juksamaskiner. Sjå  https://youtu.be/ibx9TRDCZwA
==Maure==
==Maure==
Maure er å sjå på som førstehjelp for ein trebåt og vart gjerne brukt når det hasta med å få stogga ein lekkasje. Det er å få sagmask (sagflis) til å trekke opp i [[sud|sudene]] der vatnet kjem inn. Det skjer ved at ein fester eit skaft på ei høveleg kasse, fyller den med sagmask, sagflis, og ved hjelp av skaftet fører den inn under båten der behovet er størst. Vatnet tek med sagemasket inn i suda og det vert då med på å minske lekasjen. Over tid vil båten trutne (treverk svell opp i vatn) og om den ikkje vert brukbar tett må den på slipp og verte utbetra.

Linje 14: Linje 41:
==Såpeslipp==  
==Såpeslipp==  
Såpeslipp er gjerne felles namn på slipp for opptrekking eller sjøsetting av båtar med ei renne av treverk. Denne vart på mindre båtar smurt med såpe. På slipp for større båtar kokte ein smeltatalg av dyrefeitt. Dette vert fastare og toler større vekt. Dyrefeitt fekk ein frå slakteria i kasser. Når renna skulle smørjast før opptrekk av båt varma ein smeltatalga opp til kokepunkt og smurde i renna. Hadde ein varm smurning vart det fast i renna sjølv om renna var våt. Båten stod på ein slede som gleid på smurningen i renna. Stundom kunne det vera aktuelt å smørja også sleden på undersida. Då måtte den kvelvast. På ein slik slipp må båten leggast litt over til ei side og støttar seg då på ei pute som glid på [[slabeita]], enkel eller dobbel etter om dette er laga for små eller større båtar.

==Tvårå==
Dagleg tale når '''propell''' på båt vart omtala. "Me må ha vatn på tvorå". Det handla om å få propellen ned i vatnet så han "drog". Spesielt gavlbåtane var leide på denne måten. Dei var "lagde godt ut yve" bak for å bere våt not eller annan tung last. Tome, derimot, flaut dei lett og høgt i sjøen og propellen drog luft. Ved oppbakking ved kai var dette ei plage. Det small frikst og båtane fekk utnamn som hang ved "til livets ende". Døme: Storeveiren, Styggeveiren, ein som skalla til. Der det var fleire i båten såg ein ofte at ledige brukte "kjøtvekta" ved å gå "att på speielen for å få vatn på tvårå". 

==Øyrebåt==
==Øyrebåt==
{{:Øyrebåt}}
{{:Øyrebåt}}

[[Kategori:Notlag og notbruk i Volda kommune]]
[[Kategori:Maritim terminologi]]
[[Kategori:Austefjord Museumslag]]
[[Kategori:Høydalen (Volda)]]
[[Kategori:Austefjorden (Volda)]]
[[Kategori:Volda kommune]]
[[Kategori:Volda kommune]]
{{nn}}
Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer