Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hangert, geine, fjagg og fjått

Nyare folkeleg forklaring er fleirskoren hengande talje med festeutstyr i begge endar (utan å ta desse samla gir knapt enkeltforklaringane meining).

Ved enkelt hengande talje er hangert ein tau- eller wire-ende som gjer øvre blokk fritthengande frå øvre feste (blokka får snu seg utan låsing). For kvalfangst med seglfartøy brukte ein hangert horisontalt mellom to master. Mellom to master var den var tilpassa på lengde og vart henta opp og sjakla (skrua fast med sjakkel) fast til bakmastra i same høgde (paralellt med dekk) ved klargjering til flensing. Den kunne ikkje henge oppe ved bruk av storseglet. På hangert hengde ein to fir- eller fem-skorne taljar, geine.

Geine er er i fylgje leksikon femskoren (eller meir) talje (det ser ut til at lokalt vart namnet brukt på all fleirskoren talje). Der lasta var tung gjekk drageenden om «fot-blekre»/-blokker festa ved dekk/rekke/romluke for å styre drage-enden av geine til gang- eller sveivespel. På hangert mellom mastrene kan avstanden mellom to geine justerast.

Fjagg er "tredeende" (hanndel) (kjetting)-slings.

Fjått er låsedel (hoende) for (kjetting)-slings.

(Fjagg og fjått forstår ein best ved å sjå på ein "snarekjetting" til vinsjebruk med fjått snudd som låseende).

Sjå tyding i Nynorsk ordbok for; hangert, geine og fjagg. Fjått er ikkje med. Uttrykket, skeivling, i forklaringa, fortel at ein kan gå nedre ende på geine i alle retningar ut frå opphengs-punktet.

Maure

Maure er å sjå på som førstehjelp for ein trebåt og vart gjerne brukt når det hasta med å få stogga ein lekkasje. Det er å få sagmask (sagflis) til å trekke opp i sudene der vatnet kjem inn. Det skjer ved at ein fester eit skaft på ei høveleg kasse, fyller den med sagmask, sagflis, og ved hjelp av skaftet fører den inn under båten der behovet er størst. Vatnet tek med sagemasket inn i suda og det vert då med på å minske lekasjen. Over tid vil båten trutne (treverk svell opp i vatn) og om den ikkje vert brukbar tett må den på slipp og verte utbetra.

Ordet «maure» kjem etter slik det er sagt frå at det i staden for sagmask vart brukt gamle fråflytta maurtuer. Det var materialen som tua var bygd av som var brukbar til formålet.

På båtar som hadde stått lenge på land, og gjerne under tak slik at dei var igjennom turka, kunne det vera enklare med litt arbeid på førehand. Ein brukte då smelta dyrefeitt, talg. Når den var fast i konsistensen kunne ein bruke ein klump og talge langsmed heile suda. Det heldt gjerne lenge nok til båten trutna.

Kalfatre

Dette er òg eit gamalt uttrykk for eit arbeid for å oppnå tett skrog. I diverse leksikon står det forklart med å bruke drev eller bek for å tette fartøy. Det kan like godt vere at det vart dytta med drev og smurt bek utanpå. Kombinasjonen gir eit meir varig resultat.

Startluft

Startluft og startflaske (luftflaske) er utrustning i maskinromet på båtar med totaktsmotor som er større enn det som ein lettvint bikkar i gang med handemakt. På startflaska er det komprimert luft, startluft, som vert sleppt inn på sylinderen når motoren er tilnærma på topp. Startrøra er i stor dimensjon slik at lufta kjem inn som eit sjokk og stempelet går ned. Den store massa i svinghjulet kjem i sving. Rett utført så går motoren, går han feil veg vert han vendt ved manuell betjening av innsprøtingspumpa. Når motoren er i gang vert startflaskene fyllt oppatt ved hjelp av luft frå sylinderen.

Såpeslipp

Såpeslipp er gjerne felles namn på slipp for opptrekking eller sjøsetting av båtar med ei renne av treverk. Denne vart på mindre båtar smurt med såpe. På slipp for større båtar kokte ein smeltatalg av dyrefeitt. Dette vert fastare og toler større vekt. Dyrefeitt fekk ein frå slakteria i kasser. Når renna skulle smørjast før opptrekk av båt varma ein smeltatalga opp til kokepunkt og smurde i renna. Hadde ein varm smurning vart det fast i renna sjølv om renna var våt. Båten stod på ein slede som gleid på smurningen i renna. Stundom kunne det vera aktuelt å smørja også sleden på undersida. Då måtte den kvelvast. På ein slik slipp må båten leggast litt over til ei side og støttar seg då på ei pute som glid på slabeita, enkel eller dobbel etter om dette er laga for små eller større båtar.

Tvårå

Dagleg tale når propell på båt vart omtala. "Me må ha vatn på tvorå". Det handla om å få propellen ned i vatnet så han "drog". Spesielt gavlbåtane var leide på denne måten. Dei var "lagde godt ut yve" bak for å bere våt not eller annan tung last. Tome, derimot, flaut dei lett og høgt i sjøen og propellen drog luft. Ved oppbakking ved kai var dette ei plage. Det small frikst og båtane fekk utnamn som hang ved "til livets ende". Døme: Storeveiren, Styggeveiren, ein som skalla til. Der det var fleire i båten såg ein ofte at ledige brukte "kjøtvekta" ved å gå "att på speielen for å få vatn på tvårå".

Drott eller notadrott

Forklaring på uttrykket sjå drotten.

Øyrebåt

Øyrebåt er ein båt brukt i enden av ei «øyresnurpe» når nota skal setjast. Øyrebåten er festa i «øyra» (fyrste ende som går ut når nota blir sett) frå båten heile nota ligg på. Innfestinga er slik at øyrebåten legg seg 90 grader på nota og «bremsar» så nota byrjar gli ut av notbåten.Øyrebåten var til bruk i fjordane ein «rogavl», normalt ein 18-20 fot stor robåt med «spegel» og «rull» i «dokker» bak. Grunnen var at dei då kunne bruke same båten til å handtere «stengjenota» når fisken skulle setjast i «lås»/«steng» ved land i påvente av levering.