Oseloftet

Oseloftet er eit loft frå garden Ose i Bygland kommune. Det ble reist om lag år 1700. I 1912 vart det overført til Norsk FolkemuseumBygdøy, og i 1913 vart det gjenreist. Det er ein del av Setesdalstunet på friluftsmuseet.

Oseloftet på Norsk Folkemuseum.
Foto: Olve Utne (2008).

Loftet vart bygd av Knut Torjusson Helle frå Hylestad. Namnet tyder på at han var av same ætt som den namngjetne Håvard Hedde; hedde er lokal uttale av Helle. Loftet er bygd av kraftig tømmer, med større stokkar enn vanleg. Tømringa og skurden er av særs høg kvalitet. Som skikken var i Setesdal har loftet ikkje sval tilknytta fyrste etasje, men i staden ei lukka sval langs alle fire sidene av andre etasje. I fyrste etasje, buret, vart det lagra mat, og i andre etasje hadde dei kler og utstyr. Både etasjar kunne nyttast som gjesterom og sovestad om sumaren.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.