Ossete

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jun. 2020 kl. 09:14 av Louise (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det har vore støling på Ossete i fleire hundre år.

Ossete er ein støl i Ulvik herad i Vestland fylke. Stølen ligg halvannan times gange opp i Norddalen, langs den historiske vandreruta Hallingskeidvegen frå Osa, om lag 530 moh. Ossete har vore nytta både som vår- og sommarstøl for både kyr og geiter av bruka i Osa. Sauene har i beita i liene ovanfor stølen. Ossete har gode beite, og stølen er, samanlikna med mange andre stølar, lett å koma til. Det har vore opp til 85 storfe samstundes her Storparten av dette storfeet og geitene vart seinare ført vidare over til Grøndal, Tufetna og Hallingskeid, og så var det same turen attende om hausten. I dag står her seks hus, og me finn i tillegg fem, seks gamle tufter. Ossete er år om anna utsett for snøskreder og/eller skredvind, og fleire av sela har vore råka.

Øst for stølsbygningane ligg Austmannahedleren, ein stor heller med arkeologiske spor fra førreformatorisk tid.

Kjelde

Ulvik sogelag, Kulturminnesøk.