Ove Straumsheim AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mar. 2014 kl. 08:13 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Ove Straumsheim AS er eit glasmeisterfirma i Straumgjerde. Då Ove Straumsheim skipa selskapet i 1968, var det ikkje noko slikt firma i Sykkylven. Glasmeisterforretninga hadde første ti...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ove Straumsheim AS er eit glasmeisterfirma i Straumgjerde. Då Ove Straumsheim skipa selskapet i 1968, var det ikkje noko slikt firma i Sykkylven. Glasmeisterforretninga hadde første tida tilhald i kjellaren i Ellendgarden på Straumsheim. I 1974 kunne verksemda flytte inn i eit nytt fabrikkbygg, som vart ført opp på ein parsell under Ellendgarden. Då hadde Ove Straumsheim utvida tilbodet til også å gjelde innfatning av vindaugsglas. Tidlegare hadde firmaet berre levert sjølve glasa. Bedrifta fekk kontakt med produsentar av trekarmar og aluminiumskarmar. Ove Straumsheim handla nokre år med desse produsentane. Sidan kjøpte bedrifta i Straumgjerde seg inn i ein fabrikk som laga aluminiumskarmar. I 1979 tok sykkylvsverksemda til å fabrikkere aluminiumskarmar sjølv.

Ove Straumsheim A/S er ein fasade-entreprenør med ei todelt drift. I fabrikklokala i Straumgjerde skjer produksjonen av vindaugs- og dørinnfatningar. På byggeplassane skjer montering av karmar, glasarbeid, beslagarbeid m.m.

Det er små seriar i dette faget, og produksjonen har preg av skreddarsaum. Mykje tid går med til å teikne og planlegge vindaugsløysingar for kundar. Bedrifta yter ingeniørtenester i denne samanhengen.

Frå starten var det berre Ove Straumsheim og faren Petter som arbeidde i firmaet. Det første fast tilsette kom i 1970. I 1974 var det tilsett ein sakshandsamar og ein ingeniør, og i tillegg var det fire produksjonsarbeidarar. I 1989 vart det utført åtte dagsverk ved bedrifta. Verksemda har Sunnmøre som hovudarbeidsområde, men leverer elles tenester frå Stryn til Kristiansund.

I dag er det sonen til Ove Straumsheim, Ole Elling Straumsheim, som er dagleg leiar ved verksemda.


Kjelde: