Ove Straumsheim AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Framside Glasklar Straumsheim 50 år.jpg

Ove Straumsheim AS er eit glasmeisterfirma i Straumgjerde i Sykkylven. Då Ove Straumsheim skipa selskapet i 1968, var det ikkje noko slikt firma i Sykkylven. Glasmeisterforretninga hadde første tida tilhald i kjellaren i EllendgardenStraumsheim. I 1974 kunne verksemda flytte inn i eit nytt fabrikkbygg, som vart ført opp på ein parsell under Ellendgarden. Då hadde Ove Straumsheim utvida tilbodet til også å gjelde innfatning av vindaugsglas. Tidlegare hadde firmaet berre levert sjølve glasa. Bedrifta fekk kontakt med produsentar av trekarmar og aluminiumskarmar. Ove Straumsheim handla nokre år med desse produsentane. Sidan kjøpte bedrifta i Straumgjerde seg inn i ein fabrikk som laga aluminiumskarmar. I 1979 tok sykkylvsverksemda til å fabrikkere aluminiumskarmar sjølv.

Ove Straumsheim A/S er ein fasadeentreprenør med ei todelt drift. I fabrikklokala i Straumgjerde skjer produksjonen av vindaugs- og dørinnfatningar. På byggeplassane skjer montering av karmar, glasarbeid, beslagarbeid med mer.

Det er små seriar i dette faget, og produksjonen har preg av skreddarsaum. Mykje tid går med til å teikne og planlegge vindaugsløysingar for kundar. Bedrifta yter ingeniørtenester i denne samanhengen.

Frå starten var det berre Ove Straumsheim og faren Petter som arbeidde i firmaet. Den første fast tilsette kom i 1970. I 1974 vart det tilsett ein sakshandsamar og ein ingeniør, og i tillegg var det fire produksjonsarbeidarar. I 1989 vart det utført åtte dagsverk ved bedrifta. I 2018 hadde bedrifta 23 tilsette.

Ove Straumsheim tilbyr alle typer metallvindauge, dører og fasader til bygg, både innvendig og utvendig. Dei fleste kundane kjem frå Møre og Romsdal, men når det gjeld bedrifta sine brannklasseprodukt, har dei kundar over heile landet. Mellom prosjekta dei siste åra er nytt inngangsparti i Utanriksdepartementet i Oslo. Elles har bedrifta hatt leveransar av spesialprodukt over heile verda.

Frå 2002 har sonen til Ove Straumsheim, Ole Elling Straumsheim, vore dagleg leiar ved verksemda.

I 2018 gav bedrifta ut ei jubileumsbok, Glasklar i 50 år.

Kjelde