P. Blindheim AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2014 kl. 22:37 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''P. Blindheim A/S''' er ei kombinert leike- og gåveforretning på Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa som familieaksjeselskap i 1947, og med Petra, Petter og...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

P. Blindheim A/S er ei kombinert leike- og gåveforretning på Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa som familieaksjeselskap i 1947, og med Petra, Petter og Bjørg Blindheim som dei viktigaste aksjeeigarane. Forretningslokala har sidan starten vore i Dale-huset i Aure sentrum, og er i 1983 utvida med eit stort tilbygg, slik at den samla salsflata no er på om lag 260 m2. Lager kjem i tillegg. Vareutvalet har heile tida stort sett vore det same: glas, steinty, kjøkkenutstyr, sølvplett og leikety.

Petra Blindheim var dagleg leiar frå byrjinga. I midten av 1970-åra overtok Olav Kittang ein del av aksjane, og frå då av har Bjørg og Olav Kittang stått for den daglege drifta.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.