Peder Pavels

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jun. 2014 kl. 08:44 av Oddloho (samtale | bidrag) (førebels)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pavels' (fødd 15. desember 1769 i Hjelmeland, død 30. juli 1855 i Sandeherad) var teolog. Han var son av prost og sokneprest Peder Pavels i Hjelmeland og Birgitte Kristine Hielm. Han gjekk ut frå Bergens Skole i 1788 og tok teologisk embetseksamen i 1792. Frå 1794 var han orlogsprest før han 16.1.1801 vart sokneprest i Gloppen, Sogn og Fjordane. Frå 17.5.1817 var han òg prost i Nordfjord.

Pavels vart utnemnd til sokneprest i Kragerø 7.1.1829 og Sandeherad 12.9.1833 der han var til han fekk avskil i 1846.

Pavels gifte seg i København 2.3.1801 med offisersdottera Anne Elisabeth Hedvig Pflueg (1775-1857). Dei fekk følgjande born som voks opp:

  • Maria Pavels (1802-1849), ugift
  • Birgitte Kristine Pavels (1802-1891), ugift
  • Charlotte Dorothea Pavels (1805-1862), ugift

Systrene nytta arven til å opprette "Birgitte og Charlotte Pavels's Legat for trængende Frøkener og Enker". Tidlegare hadde dei oppretta eit legat for fattige gardbrukarar og husmenn i Gloppen.

Kjelde: Lampe II s. 185 (fleire ref. om legata)