Per Grieg

Per Grieg (født 22. januar 1897 i Bergen, død 11. januar 1962 i Bergen) var ein arkitekt som virka i Bergen i perioden 1922-1962.

Faksimile frå Bergens Arbeiderblad 12. januar 1962; utsnitt av omtale av Per Grieg ved hans bortgang.

Han var utdanna ved NTH i 1922 og er ein av dei mest markante tidlege funksjonalistane utanom Oslo.

Blant hans arbeid kan særlig nemnast Sundt varehus,1936, Kalmarhuset 1939, Hotell Orion, 1957, og Bergen sjøfartsmuseum frå 1961, alle i Bergen.Han har tegna gjenreisingsbygg både i Bodø, Molde, Telavåg og Voss.

I Bodø har han tegna Otto Kochgården i Storgata 5, 1949, forretningsgård for Johs Jarmnæs i Storgata 36, 1942/1946, og ein forretningsgård for Haakon Koch. I Molde har han tegna Storgata 35, forretningsgård for kjøpmann Johan Iversen i 1945, og Pettersongården, Storgata 36/38/40 i 1945-46. På Voss har han tegna Rekonvalesentheimen for Bergen Trygdekasse, i 1957.

Kilder og lenker



  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.