Peterson Packaging

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2014 kl. 08:13 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Peterson avd. Sykkylven''' er ei emballasjebedrift i Sykkylven. Bedrifta vart etablert under namnet Emballasje AS i 1961. Første bygget til Emballasje vart reist på ein platt fo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peterson avd. Sykkylven er ei emballasjebedrift i Sykkylven. Bedrifta vart etablert under namnet Emballasje AS i 1961. Første bygget til Emballasje vart reist på ein platt for fisketørking i Ullavika. Firmaet Petter Skarbøvik i Ålesund hadde skipa Ullavik Klippfisktørkeri og hadde planar om å sette i gang med fisketørking i stor stil i Ullavika. Det vart ikkje meir enn planar på grunn av nye produksjonsmåtar som gjorde seg gjeldande innanfor fisketørkinga. I staden kjøpte bokhandlar Harald Eikenes den tre mål store tomta ved årsskiftet 1960-61. Etter ein samtale han hadde med Jens E. Ekornes og Efschen ved Ranheim Papirfabrikk, vart tanken fødd om å skipe ein kartonasjefabrikk i Ullavika. Sykkylven Tiltaksråd var i startfasen med på å legge tilhøva til rette for verksemda.

Sykkylven var ein naturleg stad å etablere ein slik fabrikk. Eikenes var grossist i papir og papp, og møbelindustrien i Sykkylven var ein storforbrukar av desse varene. Til å stå for den daglege drifta vart Olav Andreassen tilsett. Han hadde tidlegare drive eigen lenestolverkstad og vore medeigar i Lenestolfabrikken Solid A/S.

Første produkta til Emballasje A/S var massivpapp til bruk i møblar og emballasje til landbruksprodukt. Så kom kvite øskjer som gjekk til bedrifter som Alvo Skjortefabrikk, O.A.Devold & Søn, Møre Konfeksjonsfabrikk, Sunnmøre Meieri og Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk.

Den tida Emballasje A/S vart etablert, vart møblane pakka med papir og bylgjepapp på rullar. Papiret og bylgjepappen vart surra fast med tau. Også innvendig i møblane vart, og vert det framleis, nytta papp mellom treverket og stoppinga. I øskjeproduksjonen starta medarbeidarane i Emballasje på berr bakke. Kartongar dei fekk tak i, vart utbretta og gjenoppbygde. Nancy Andreassen, som var gift med Olav, hugsar at alle øskjer dei fekk hand om der i huset, måtte leggast til side slik at dei kunne saumfarast.

I 1965 kom dei første store pappkartongane som var tenkte til bruk i møbelindustrien. Det var J.E. Ekornes Fabrikker A/S som var første kunden. Ekornes-fabrikken laga ein sofabenk som kunne demonterast, og som det dermed var greitt å pakke i kartongar. Emballasje hadde ikkje på det tidspunktet spesiallaga utstyr til å brekke emballasje i så store dimensjonar. Langbenkkartongen måtte dei rille med ei hydraulisk avfallspresse som vart styrt av to mann. Kartongane måtte rillast ein for ein.

Etter kvart vart møbelindustrien ein stor kunde. Det skjedde ikkje noko omlegging over natta når det gjaldt pakkemetodane i møbelindustrien. I mange fabrikkar heldt dei fram med å surre papp og papir rundt møblane i endå nokre år.

Emballasje prøvde ei tid å lansere rimelege produkt gjennom å nytte standardmål på kartongane. Det fall ikkje så heldig ut. Få møbelmodellar er sydde over same lest. Breidd, høgd og lengd varierer frå modell til modell, frå fabrikk til fabrikk. Emballasje måtte difor legge vinn på å spesialtilpasse kartongar til varierande behov. Nettopp fleksibiliteten i produkttilpassinga har vore eit kjennemerke for Peterson/Emballasje. Bedrifta ligg sentralt i eit viktig møbelområde, og det har vore vanskeleg for utanforståande konkurrentar å hevde seg overfor Emballasje når det gjeld rast og smidig ordrehandsaming.

Ein vesentleg vinst for møbelindustrien var det då bedrifta byrja å lage kartongar i bylgjepapp i 1967/68. Bylgjepappen er langt meir støytabsorberande enn massivpappen.

I 1970 gjekk om lagt 80% av produksjonen hos Emballasje til møbelindustrien. I 1990 var denne prosentdelen komen ned i 55.

Eit viktig satsingsområde for Peterson/Emballasje frå 1980-åra har vore fiskeforedlingsindustrien. Bedrifta har investert i spesialmaskiner for produksjon av fiskekasser til makrell og sild. Også meieri-, grønsak- og kjøtvareindustrien får stetta ein del av sine emballeringsbehov gjennom sykkylvsbedrifta. Dette reflekterer at bedrifta frå 1980-åra har satsa sterkast på småemballasjesektoren.

Elles har bedrifta markert seg med ein miljøprofil og har teke imot returpapir for resirkulering. Produksjonslokala hadde ved oppstartinga hausten 1961 ei grunnflate på 310 m2. Sidan har verksemda vore igjennom ei rad utvidingar, slik at grunnvidda på fabrikkbygget i dag er 6240 m2.

I 1976 ville Harald Eikenes selje bedrifta. Olav Andreassen og svigerson hans, Olav Steinsvik, som då var komen med i leiinga, tilbaud seg å kjøpe året etter. Andreassen stod som dagleg leiar heilt fram til han døydde i 1983. Olav Steinsvik var disponent frå 1983.

Emballasje A/S hadde sju tilsette i 1962. I 1982 var bemanninga 20 personar, og i 1990 stod 52 personar på lønningslista.

Gjennom mange år hadde Emballasje eit nært samarbeid med Ranheim Papirfabrikk både på sals- og produksjonssida. Ranheim var sykkylvsbedrifta sin hovudleverandør av bylgjepapp og massivplater. I 1987 valde dei dåverande eigarane av Emballasje A/S å selje alle aksjane i verksemda til Ranheim.

Kjelde: