Petter K. Thoresen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jul. 2012 kl. 11:32 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Petter K. Thoresen (f. 1903) var mekanikar i industripioner i Sykkylven. Thoresen var fødd i Hommelvik i Sør-Trøndelag. Han vart gift med ei kvinne frå Stranda på Sunnmøre og etabl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Petter K. Thoresen (f. 1903) var mekanikar i industripioner i Sykkylven. Thoresen var fødd i Hommelvik i Sør-Trøndelag. Han vart gift med ei kvinne frå Stranda på Sunnmøre og etablerte seg med mekanisk bedrift der. Han var ikkje heilt nøgd med den tomta han hadde på Stranda og vende auga mot nabokommunen Sykkylven. Her fekk han tilbod om ei sentral tomt, og han etablerte då ei mekanisk verksemd i 1927.

P.K. Thoresen fekk mykje å seie for utviklinga av den tidlege industrien i Sykkylven. Det første året han var i kommunen var han med og bygde maskiner for Bernhard R. Tynes som starta med møbelproduksjon i 1927. Denne bedrifta vart den første i ei lang rekke i denne industrigreina som kom til i Sykkylven. Dei aller fleste av desse møbelfabrikkane rådførte seg med Thoresen for å få lagt opp produksjonen så rasjonelt som mogeleg. Den enkle hjulinnretninga som reiv opp hardpakka alfa, alfa-rivemaskina, og som alle stoppmøbelbedrifter i Sykkylven nytta, var Thoresen sin konstruksjon. Like eins utvikla han ei ny pussemaskin.