Portugisarjødar: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 38: Linje 38:
Den '''[[hebraisk]]e''' uttalen til portugisarjødane som vi kjenner han frå [[1800-talet|1800-]] og [[1900-talet]] blir først og fremst kjenneteikna ved uttalen av {{he|בֿ}} (bet rafé) som ein [[plosiv]] (hard) ''b'' (f.eks. ''Abrahám, tebá, habdalá'' (ikkje «Avraham», «teva», «havdala») og uttalen av {{he|ע}} (ngajin) som ein stemt velar nasal (f.eks. ''sjemáng, ngalénu'' (ikkje «Sj’ma‘», «‘aleinu»)). I tidlege kjelder blir [[sibilant]]ane {{he|ס}}, {{he|שׂ}}, {{he|שׁ}} og {{he|צ}} alle normalt transkriberte som ''s'' eller ''ss'', og formene ''Sabá'' ([[sjabbát]]), ''Menasseh'' (Menasjé), ''Ros(as)anáh'' (rosj hasjaná), ''Sedacáh'' (ṣedaká), ''massoth'' (maṣṣót)) er framleis vanlege. Frå [[1800-talet]] av har uttalen [ʃ] for {{he|שׁ}} og [ts] for {{he|צ}} vorte vanleg.

Sjevá nang (klingande sjevá) blir normalt uttala som ein kort, men tydeleg e-lyd (''Sjemáng, berít, berakhá, ngomedím''). Dei korte og lange hebraiske vokalane blir uttala som reine vokalar utan den vokalforskyvinga og diftongeringa som er vanleg i asjkenazisk hebraisk og jiddisch (f.eks. ''Torá'' heller enn «Toiro», ''rafé'' heller enn «rofei»). Andre særtrekk ved vokalsystemet inkluderer uttalen ''Kal nidré'' heller enn det moderne asjkenaziske og israelske «Kol nidré». Trykksystemet i portugisarjødisk hebraisk uttale følgjer strengt reglane i bibelsk hebraisk og skil seg slik ut frå den [[høgtyske jødar|høgtysk-jødiske]] [[jiddisch]]e uttalen, der trykket blir flytta fram til første eller nest siste staving i tråd med germansk og vestslavisk fonologi.
Sjevá nang (klingande sjevá) blir normalt uttala som ein kort, men tydeleg e-lyd (''Sjemáng, berít, berakhá, ngomedím''). Dei korte og lange hebraiske vokalane blir tradisjonelt uttala som reine monoftongar utan den vokalforskyvinga og diftongeringa som er vanleg i asjkenazisk hebraisk og jiddisch (f.eks. ''Torá'' heller enn «Toiro», ''rafé'' heller enn «rofei»). Andre særtrekk ved vokalsystemet inkluderer uttalen ''Kal nidré'' heller enn det moderne asjkenaziske og israelske «Kol nidré». Trykksystemet i portugisarjødisk hebraisk uttale følgjer strengt reglane i bibelsk hebraisk og skil seg slik ut frå den [[høgtyske jødar|høgtysk-jødiske]] [[jiddisch]]e uttalen, der trykket blir flytta fram til første eller nest siste staving i tråd med germansk og vestslavisk fonologi.

Den portugisarjødiske uttalen av hebraisk har sett spor etter seg blant anna i nordeuropeiske bibelomsettingar frå [[1500-talet]] av, så vel som i den uttalen av hebraisk som spreidde seg i mange liberale jødiske miljø frå den delvis portugisarjødiske reformsynagogen i Hamburg.

Veiledere, Administratorer
114 951

redigeringer