Protoindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. nov. 2016 kl. 08:33 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Protoindustri''' vart lansert ca. 1970 som nemning på «bygdeindustriell» verksemd før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad org...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Protoindustri vart lansert ca. 1970 som nemning på «bygdeindustriell» verksemd før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad organisert som heimeindustri og forlagsverksemd. Protoindustrien skil seg frå det tradisjonelle bygdehandverket ved at det er organisert i meir omfattande skala og basert på marknader utanfor bygda/regionen. Den skil seg frå den «eigentlege» industrien (fabrikkproduksjon) ved sitt lågteknologiske produksjonsutstyr, ved sine desentraliserte produksjons- og distribusjonssystem og svakt utvikla arbeidsdeling i produksjonsprosessen.

Omstridd teori

Det var den amerikanske økonomihistorikaren Franklin Mendels (1943-88)som skapte gjennomslaget for protoindistru som nemning for ein historisk modell eller teori. Han nytta uttrykket i doktoravhandlinga si frå 1969, og vann særleg gehør med artikkelen Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process frå 1972.[1] Det er særleg den årsaksforklarande rolla protoindustrien blir tillagd i samband med den industrielle revolusjonen som har møtt motbør. Kritikarane meiner å kunne påpeike at protoindustrien iallfall ikkje var ein nødvendig føresetnad for industrialisering, og at mange av dei mest utprega protoindustrielle områda slett ikkje vart industrialiserte i moderne forstand.

Utgreiingar om proto-industri omhandlar mykje av dei same fenomena som andre har kalla den industriøse revolusjonen, og som historieteori kan dei to omgrepa sjåast som konkurrerande.

Fire hovudtrekk ved protoindustrien

Baert på ei framstilling av den britiske historikaren L.A.Clarkson[2]) har protoindustrialiseringa følgjande fire hovudkjennemerke:

  1. Proto-industrielle produsentar (handverkarar) produserte varer for marknader utanfor sitt eige distrikt.
  2. Dei proto-industrielle produkta var laga av folk som kombinerte t.d. veving og strikking med jordbruk («peasant-manufacturers», dvs. småbrukarar, husmenn og liknande grupper). Arbeidskraft som søkjer sysselsetjing "onnemellom" er billeg. Produksjonsutstyr (fast kapital) var etter måten enkelt og billeg.
  3. Protoindustrien på landsbygda stimulerte handelsjordbruket ved å skape ein marknad for mat.
  4. Byane i dei protoindustrielle distrikta var i hovudsak sentra for handel og omsetnad.

Utbreiing Mest tekstilproduksjon i England,

Protoindustri i Noreg Historikaren Anna Tranberg skildrar den økonomiske verksemda på storgarden Samsal på Hedmarken rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka utan at Tranberg sjølv brukar nemninga. I andre arbeid skildrar Tranberg protoindustriell verksemd i Ringsaker og på Toten. Protoindustriell verksemd på Totenm, som Eilert Sundt kalla det mest industriøse området i landet, får vi også glimt av i wikiartiklane om Hans Skikkelstad, Vevegrenda og andre stader. Ljåproduksjonen i Tinn i Telemark er eit anna døme.


Referansar

  1. Journal of Economic History XXXII (1972)
  2. Clarkson, L.A.1985;15-16