Ranveig Kalrudstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2010 kl. 17:26 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ranveig Kalrudstad''' (fødd 1895 på Voss som ''Ranveig Vinsand'', død same stad 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg 1932 m…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ranveig Kalrudstad (fødd 1895 på Voss som Ranveig Vinsand, død same stad 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg 1932 med Hans Kalrustad frå Nordlia i Østre Toten. Tidleg på 1950-talet flytta ho attende til oppveksttraktene, etter at Hans var død. Ranveig var ein av dei få vestlendingene i Toten-bygdene på denne tida. Eit unntak var folka på garden Skattum, granner til Kallrustad. Ranveig Kalrudstads familiealbum er ei viktig kjelde til livet i eit småbondemiljø på Toten i mellomkrigsåra. Dette var ei granne- og familiesamfunn som ikkje har etterlatt seg mange skriftlege spor, og på grunn av flytting og få etterkommarar har heller ikkje mykje tradisjon vorte vidareført.