Ranveig Kalrudstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jan. 2010 kl. 12:24 av Kallrustad (samtale | bidrag) (korr.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Ranveig Kalrudstad (fødd 2. februar 1895 på Voss som Ranveig Vinsand, død same stad 24/4 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg 1932 med Hans Kalrustad (1883-1932) frå Nordlia i Østre Toten. Tidleg på 1950-talet flytta ho attende til oppveksttraktene, etter at Hans var død. Ranveig var ein av dei få vestlendingene i Toten-bygdene på denne tida. Eit unntak var sogningene på garden Skattum, granner til Kallrustad. Ranveig Kalrudstads familiealbum er ei viktig kjelde til livet i eit småbondemiljø på Toten i mellomkrigsåra. Dette var ei granne- og familiesamfunn som ikkje har etterlatt seg mange skriftlege spor, og på grunn av flytting og få etterkommarar har heller ikkje mykje tradisjon vorte vidareført.

Ranveig var godt vaksen og Hans halvgammal da dei i 1932 gifte seg. Ingen nolevande veit sikkert korleis dei møttest. Hans hadde i 1928 teke over garden Øver-Kallrustad etter faren. Kallrustad fødde berre sju-åtte kuer, og hadde på denne tida rundt 60 mål dyrka jord. Det var derfor eit liv med arbeid som Ranveig møtte på Toten, ikkje særleg rikare materielt sett enn på vestlandsgarden Vinsand. Saman med ekteparet budde Hans si syster Helga på Kallrustad. Ho skal vore budeie, medan Ranveig hadde ansvaret for husstellet. Av og til hadde dei gardskar, men det var mest fordi Hans var sjuk, med magesår. Dei fekk ikkje ungar som vaks opp. Sonen Hans Martin døydde i 1934, berre nokre dagar gammal.

Hans døydde nyttårskvelden 1945. Ranveig vart buande på Kallrustad i nokre år til, men leigde bort garden til Helge Bekkelund. Medan Helge og familien budde i den gule bygningen, heldt Ranveig og Helga til i hovudbygningen. I 1950 kjøpte Jonas Degvold Kallrustad. Etter at Helga døydde, flytta Ranveig rundt 1953 attende til Voss. Der budde ho i ei stove ved Vangsvatnet, nedanfor Vinsand, i lag med systrene Kirsti og Sønneva. Heime på Voss hendte det at ho tala om tida på Toten, med alle dei gjæve gardane, dit arbeidsbønder som ho og mannen stundom vart bedt i selskap.


Kjelder