Rasmus Haugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. mar. 2012 kl. 20:29 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Rasmus Haugen (fødd i Skjåk 11. februar 1954, død same stad 1. mars 1929) var underoffiser, bonde og lokalpolitikar i Skjåk. Han var husmannsgut, men vart gardbrukar og rekna som ein av dei fremste menn i bygda i si tid. Han var ordførar i 1905-1907.


Bakgrunn og oppvekst

Foreldra var husmann og skomakar Ola Rasmussen (f. 1819) og Gunhild Larsdotter (f. 1823). I kyrkjeboka både under dåpsinnførsla for Rasmus og vigselen til foreldra står det at dei da bur «ved» Øvre Grimstad. Kanhende er dei allereie da plassfolk på plassen Haugom under same garden. Familien er iallfall på Haugom i folketeljingane 1865 og 1875.

Mora døydde, og faren gifta seg i 1875 opp att med Rønnaug Larsdotter Kvernroen (f. 1826). Rasmus var eldst i ein syskenflokk på fem, alle i farens fyrste ekteskap.


Underoffiser

I folketeljinga 1875 finn vi ikkje Rasmus registrert i Skjåk, og det har heller ikkje lykkast å finne hanannan stad i landet i folketeljinga 1875. Kanhende var han da på underoffisersskule. Han var iallfall sersjant i 1882 da han var med og starta Skjåk skyttarlag.

Om Rasmus Haugen hadde noko anna enn folkeskulen før han kom inn på militærutdanninga, er uvisst. Det er godt tenkjeleg at den openbert evnerike husmannsguten kan ha fått nytta seg av kveldsskuleundervisning (framhaldsskule) for konfirmert ungdom som vart sett i gang i Skjåk frå 1868. Som underoffiser avanserte Haugen til kommandersersjant.

Familie og gard

Rasmus Haugen gifta seg i 1884 med Guro Iversdotter Kummen (f. 1859) frå ein gard i Reppen. Same året fekk han kjøpt den gode garden Øvre Hjeltar (gnr. 60.1) på Ramstadstronda.[1] Rasmus og Guro fekk tre born saman. Guro døydde i 1889.

Fire år seinare gifta Rasmus seg om att med Anne Amundsdotter Grimstad (f. 1861), også ho garddotter frå Reppen, frå den same garden som familien til Rasmus var plassfolk under. Anne og Rasmus fekk seks born saman i tidsrommet 1894-1906.

Rasmus og Anne Haugen dreiv Øvre Hjeltar til dei overlet garden til sonen Olaf overtok i 1918. Sidan var dei føderådsfolk der.


Offentleg verksemd

Rasmus Haugen vart vald inn i kommunestyret i 1890, og sat fyrst ei periode til 1892. Han var inne på nytt 1894-1899. Siste perioden han sat var 1905-1907, da han også var ordførar. Det ser deretter ut til at han gav seg ut av politikken. Vi har ikkje kjennskap til kva politisk linje Haugen stod for. Frå fyrst av er det rimeleg å tru at han var venstremann, aktiv som han var i skyttarlaget saman med grannen på Nedre Hjeltar, venstreleiaren Christian A. Hjelter. 1909-1911. Han hadde også andre tillitsverv i bygda.


Referansar