Reindrift på Island

Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 18:25 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 17711787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Noreg, og blant dei som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selde seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen. Reinane på Island vart snart forvilla. Det finst enno reinar på Aust-Island.

Reinar i Norður-Þingeyjarsýsla på Island.
Foto: Chris Goldberg

Bildegalleri

Kjelder

Eksterne lenker