Rigmor Frimannslund

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. mar. 2021 kl. 08:02 av Larsma (samtale | bidrag) (Skipa sida)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rigmor Modesta Frimannslund Holmsen (f. 31. januar 1911 i Bergen, d. 28. april 2006 i Bærum) var folkelivsgranskar og pioner i utviklinga av dette som universitetsfag. Ho var også Noreg sin fyrste magister i etnologi.

Familie

Frimannslund var dotter av kapteinløytnant Bernhard Marius Frimannslund (1883-1961) og Anna Sofie Thomassen 81883-1966). I 1961 gifta ho seg med professor Andreas Holmsen (1906-1989) og tok etternamnet hans.[1]

Liv og virke

Ho vaks opp i Bergen og gjekk på Sofie Lindstrøms pikeskule og Bergen katedralskule. Etter examen artium på latinlinja med gresk i 1930, byrja ho å studere norsk filologi, og orienterte seg i både arkeologi, kunsthistorie, etnografi, religionshistorie og lappisk. I 1934 vart ho teke opp som folkeminnestudent ved Universitetet i Oslo og fekk studere under Nils Lid. Som fylgje av eit rykte om at tyskarane i 1941 skulle stengje universitetet, leverte ho magisteravhandlinga sjølv om ho ikkje var heilt ferdig. Det resulterte i at Frimannslund vart Noreg sin fyrste magister i etnologi.

I 1946 fekk ho si fyrste faste stilling, som konservator hjå nyskipa Norsk Etnologisk Gransking ved Norsk Folkemuseum. Der jobba ho fram til ho fekk permisjon i 1953 for å arbeide for gards- og grannesamfunnsundersøkelsen. I 1962 tok ho over leiinga av denne fram til det vart avvikla i 1976.[2]

  1. [1]
  2. Rogan, B og Eriksen A (red.). Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus Forlag (2013) ISBN: 9788270997237