Romundset skule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kategorier)
(Diverse)
Linje 13: Linje 13:
Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år).
Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år).
Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til [[Aure]] i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.
Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til [[Aure]] i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.
== Sjå også ==
[[Skolekrets]]


== Kjelder ==
== Kjelder ==
Linje 21: Linje 25:
[[Kategori:Utdanning i Aure kommune]]
[[Kategori:Utdanning i Aure kommune]]
[[Kategori:Etableringer i 1923]]
[[Kategori:Etableringer i 1923]]
[[Kategori:Skolebygninger]]

Sideversjonen fra 24. jun. 2012 kl. 13:52

Romundset skule var ein tidlegare krinsskule i dåverande Stemshaug kommune. Skulen vart oppretta i 1923, og skulehuset vart bygd same året.

Om skulen

Skulen var lokalisert ved Knorr-bukta, eller "Knorrå" som staden vart kalla på folkemunne. Dette namnet vart også bruka om skulen.

I skulehuset var det også ein lærarbustad. Det var lokale folk frå krinsen som hadde ansvar for å byggja huset.

Til lærarbustaden høyrde det også såkalla kommunal lærar-jord på 12 mål, der ein kunne driva enkelt fe-hald og jordbruk. Det vart bygd ny låve og nytt fjøs (med plass til minst to kyr, tre-fire sauer, ein gris og ti-femten høner). Det vart også dyrka poteter og grønsaker.

Den fyrste læraren

Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år). Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til Aure i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.

Sjå også

Skolekrets

Kjelder

  • Ivar Vik: Livet og tilhøvet i ein kretsskule på 20-30 talet. "Tu Aurgjelda", 1998
  • May S. Bjørkaas: Ivars toner