Romundset skule: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 24: | Linje 24: | ||
[[Kategori:Utdanning i Aure kommune]] | [[Kategori:Utdanning i Aure kommune]] | ||
[[kategori:Aure kommune]] | |||
[[Kategori:Stemshaug]] | [[Kategori:Stemshaug]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1923]] | [[Kategori:Etableringer i 1923]] |
Sideversjonen fra 20. mar. 2013 kl. 12:50
Romundset skule var ein tidlegare krinsskule i dåverande Stemshaug kommune (i dag Aure kommune) på Nordmøre. Skulehuset vart bygd i 1923.
Om skulen
Skulen var lokalisert ved Knorr-bukta, eller "Knorrå" som staden vart kalla på folkemunne. Dette namnet vart også bruka om skulen.
I skulehuset var det også ein lærarbustad. Det var lokale folk frå krinsen som hadde ansvar for å byggja huset.
Til lærarbustaden høyrde det også såkalla kommunal lærar-jord på 12 mål, der ein kunne driva enkelt fe-hald og jordbruk. Det vart bygd ny låve og nytt fjøs (med plass til minst to kyr, tre-fire sauer, ein gris og ti-femten høner). Det vart også dyrka poteter og grønsaker.
Den fyrste læraren
Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år). Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til Aure i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.
Sjå også
Kjelder
- Ivar Vik: Livet og tilhøva i ein kretsskule på 20-30 talet. "Tu Aurgjelda", 1998
- May S. Bjørkaas: Ivars toner