Romundset skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. jun. 2012 kl. 21:38 av Kiplesund (samtale | bidrag) (lagt til tekst)
Hopp til navigering Hopp til søk

Romundset skule var ein tidlegare krinsskule i dåverande Stemshaug kommune (i dag Aure kommuneNordmøre. Skulen vart oppretta i 1923, og skulehuset vart bygd same året.

Om skulen

Skulen var lokalisert ved Knorr-bukta, eller "Knorrå" som staden vart kalla på folkemunne. Dette namnet vart også bruka om skulen.

I skulehuset var det også ein lærarbustad. Det var lokale folk frå krinsen som hadde ansvar for å byggja huset.

Til lærarbustaden høyrde det også såkalla kommunal lærar-jord på 12 mål, der ein kunne driva enkelt fe-hald og jordbruk. Det vart bygd ny låve og nytt fjøs (med plass til minst to kyr, tre-fire sauer, ein gris og ti-femten høner). Det vart også dyrka poteter og grønsaker.

Den fyrste læraren

Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år). Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til Aure i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.

Sjå også

Kjelder

  • Ivar Vik: Livet og tilhøva i ein kretsskule på 20-30 talet. "Tu Aurgjelda", 1998
  • May S. Bjørkaas: Ivars toner