Rosendal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. mar. 2018 kl. 10:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Rosendal''' er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kvinnherad kommune. Per 1. januar 2016 var det 780 innbyggjarar i tettstaden; Rosendal er den tredje største tettstad...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rosendal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kvinnherad kommune. Per 1. januar 2016 var det 780 innbyggjarar i tettstaden; Rosendal er den tredje største tettstaden i kommunen etter Husnes og Sunde/Valen. Rosendal ligger ved utgangen av Hardangerfjorden, mellom fjella Skålafjell, Melderskin og Malmangernuten.

Sidan 2001 har det vore fastlandssamband gjennom Folkefonntunnelen. Ellers må ein nytte eit av ferjesambanda: Gjermundshavn–Årsnes, Skjersholmane–Ranavik, Utbjoa–Sydnes eller Skånevik–Utåker.

Baroniet Rosendal med eit museum reknast som den viktigaste turistattraksjonen i kommmunen, men ein finn òg Kvinnherad kyrkje frå kring 1250 og eit skipsbyggingsmuseum i Rosendal.

Saman med Husnes er Rosendal kommunen sin tusenårsstad, noko som er markert med ein skulptur på Bankplassen.

Litteratur og kjelder