Russefangar i Fyresdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Endra fotograf fra "Kjetil Skomedal" til "Kjetil Skomdal" etter opplysning fra Olav Momrak-Haugan.)
Linje 11: Linje 11:
== Dødsfall og gravlegging ==
== Dødsfall og gravlegging ==
[[Bilde:Russegrav Moland nye kyrkjegard 2011 2.jpg|thumb|Gravminne på [[Moland nye kyrkjegard (Fyresdal)|Moland nye kyrkjegard]] (Fyresdal). (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011).]]
[[Bilde:Russegrav Moland nye kyrkjegard 2011 2.jpg|thumb|Gravminne på [[Moland nye kyrkjegard (Fyresdal)|Moland nye kyrkjegard]] (Fyresdal). (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011).]]
[[Bilde:russerfangar gravferd 1945.jpg|thumb|Gravferd 9. juni 1945. Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) (Foto: Kjetil Skomedal, 1945).]]
[[Bilde:russerfangar gravferd 1945.jpg|thumb|Gravferd 9. juni 1945. Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) (Foto: Kjetil Skomdal, 1945).]]
Det var mykje utøy i fangeleiren og det kom etter kvart tuberkulose. Kor mange som vart smitta av dette veit ein ikkje, men fire av fangane døydde og vart gravlagde i skogkanten ved Gimle skule.  
Det var mykje utøy i fangeleiren og det kom etter kvart tuberkulose. Kor mange som vart smitta av dette veit ein ikkje, men fire av fangane døydde og vart gravlagde i skogkanten ved Gimle skule.  



Sideversjonen fra 7. des. 2011 kl. 08:12

Grava til russefangar på Moland nye kyrkjegard (Fyresdal). (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011).

Fire russarar var fangar på gamle Gimle skule i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945, døydde her og vart gravlagde på Moland nye kyrkjegard.

Leiren på Gimle skule

Til Fyresdal kom tyskarane med over hundre russiske fangar våren 1944. Gimle skule og området rundt blei okkupert. I skulehuset blei fangane innlosjerte medan dei tyske vaktene heldt til i den nærliggande distriktslækjarbustaden Gardar. Eit nærliggande losje-hus vart teke til lagerbygning. Rundt skulehuset vart det satt opp høge dobbelte piggtrådgjerde.

Den fyrste tida fekk ein lov til å gå ned til gjerdet rundt Gimle og framom leiren. Dei russiske fangane var uvanleg flinke songarar og om sundagen då dei ikkje arbeidde i skogen samla dei seg ute og laga eit meisterleg songkor. Bygdefolket samla seg her og lydde til den fine songen. Men etter ei tid synest visst tyskarane at folk vart for nærgåande og det vart satt opp ein bom eit stykke unna, men ein kunne likevel høyre songen deira.

Fangane arbeidde i skogen med tømmerhogst og dersom ikkje vegen var for lang til arbeidsområdet marsjera dei til og frå. Då la ofte bygdefolk ut matpakker til dei i vegkanten, noko fangane såg etter med ørneaugo. Enkelte av dei tyske vaktene greip inn, men andre oversåg dette. Ein del av tyskarane gjekk rundt i heimane og tala med folk og dei tok då med seg matpakker til fangane i byte med ymse saker russarane hadde laga. Det kunne vere stråarbeid, trearbeid, graverte dåser, messingringar og anna. Bygdefolket synest det var gildt at det fantes medmenneske blant fienden.

Dødsfall og gravlegging

Gravminne på Moland nye kyrkjegard (Fyresdal). (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011).
Gravferd 9. juni 1945. Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) (Foto: Kjetil Skomdal, 1945).

Det var mykje utøy i fangeleiren og det kom etter kvart tuberkulose. Kor mange som vart smitta av dette veit ein ikkje, men fire av fangane døydde og vart gravlagde i skogkanten ved Gimle skule.

Etter frigjeringa vart gravene flytta til Moland nye kyrkjegard og der vart då ei felles gravferd markera 9. juni 1945. Fire russarar kom til Fyresdal og var med. Dei står ved kvar sitt hjørne av den opne grava på foto som er teke ved denne høgtida. Vi har namna på tri av dei fire som var til stades, det er: Sadkov Georgij, Pastoj Fedor og Oljhovik.

Namnet til dei russarane som kviler her er:

  • Ijvan Tschuitkow. Fødd: Ukjent. Død: 1944. Gravlagd: 09.06.1945.
  • Dijmutri Gorschko. Fødd: 1904. Død: 22.12.1944. Gravlagd: 09.06.1945.
  • Anton Uljko. Fødd: Ukjent. Død: 1944. Gravlagd: 09.06.1945.
  • Nykyta Aholonskiji. Fødd: 1903. Død: 27.03.1945. Gravlagd: 09.06.1945.

Dei har fått eit felles gravminne som står like innanfor porten til kyrkjegarden og på dette står namna på dei gravlagde og:

Frihet – likhet – brorskap. Døyde i tysk fangenskap 1944.


I Teledølen 13. juni 1945 stod denne artikkelen

4 russarar gravlagd i Fyresdal. Den 8. juni 1945 kom 4 russarar frå Porsgrunn til Fyresdal og skulle ordne med oppattgraving og begravelse av fire av sine kameratar som døyde i russer - leiren på Gimle der dei vart begravne 30 meter frå leiren og 80cm nede i jorda. Laurdag den 9. juni fekk seks av landssvikarane som er i leiren den ære å grava opp att russarane og grave opp ei fellesgrav på kyrkjegarden. Sundag den 10. juni, etter messa i Molands kyrkje, fylgde kyrkjelyden med sokneprest Irgens i brodden dei fire russarane til gravi. Ein stor deil av heimefronten, med vaktsjef K. Breiland i brodden, stod æresvakt ved gravi. Sokneprest Irgens heldt ei gripande tale. Han sa millom anna: Gud kjende dei, me kjende dei ikkje, me hadde ikkje lov til å tale til dei, me tala til dei, me hadde ikkje lov til å gje dei noko, me gav dei. Dei gjorde si plikt, si grav fann dei langt burte frå sit fedreland. Det vart sunge ein salme, og presten kasta så jord på gravi. Folk lagde kransar og blomar på gravi, dei hev vortne glade i russarane, skriv ”Korrespondent” frå Telem. Arbeiderblad.

Obs! K. Breiland skal vere A. Breiland, nemleg Andreas Breiland.

Kjelder

  • Irgens, Arne Chr.: Minner om Otto Irgens. Prest og far. 1902-1970. Chr. Irgens slektsfond. Bodoni forlag. Bergen 2011
  • Minne frå Fyresdal 1940-1945. Gjeve ut av skule- og kulturutvalet. Fyresdal kommune, 1995. s. 102.
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag, 1994 s. 78.
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag, 2006 s. 100.
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag, 2011 s. 66.
  • DIS-Norge Moland nye kyrkjegard.