Moland nye kyrkjegard (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Moland nye kyrkjegard, teke i bruk i midten av 1920-åra, er eigentleg berre ei utviding av Moland kyrkjegard.

Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) sett frå kyrkja. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Moland nye kyrkjegard (Fyresdal) (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Moland kyrkje har alltid lege på same plassen og med kyrkjegarden kring kyrkja. Kyrkja ligg nær Fyresvatn og sers nær tunet i prestegarden. Vegen til brygga går like framom kyrkjegardsporten.

I tida etter 1900 vart det tydeleg at kyrkjegarden var i ferd med å bli for liten. Like nord før inngangen til kyrkja er eit sers godt jorde til prestegarden, denne retninga var den einaste ein kunne utvide i, og det vart difor til at ein la utvidinga av kyrkjegarden i nordre kanten av dette jordet og skåna dyrka jord.

Av denne grunn er det eit relativt langt stykke frå kyrkja og til denne nye delen, men ein ser rett burt på den når ein kjem ut porten. Til transport av kiste vert det nytta vogn. På denne delen er det ikkje noko slag hus, men eit reiskapshus utanfor muren.

I alle slag register har kyrkjegarden kring kyrkja fått nemninga Moland gamle kyrkjegard og utvidinga det lett misvisande namnet Moland nye kyrkjegard. Namnet Moland gamle kyrkjegard får ein til å tru at det er ein fråflytta kyrkjegard på same vis som Heggland gamle kyrkjegard og Veum gamle kyrkjegard, men slik er det altså ikkje.

Båe gravplassane vert nytta likeverdig, den nye vert mest nytta når ein ikkje er serleg knytt til den gamle og den er ein sers tiltalande stad og vel halde som den gamle.

Enkelte gravstader

Til Fyresdal kom etter krigen 1940-1945 to kviterussiske offiserar. Dei hadde etter det ein veit i mange år vore flyktningar i Europa på grunn av bolsjevikane si overtaking, og med sin bakgrunn i russisk hær kunne dei ikkje vende attende. Korleis dei kom i kontakt med Fyresdal kommune er usikkert, men her fekk dei lovnad på eit trygt tilvere resten av livet.

Gaponov døydde etter ei stund å ha vore på det som den gong var aldersheimen. Lutovskij gifta seg med ei enke frå Fyresdal som hadde sin bakgrunn i Sentral - Europa, vart skogeigar i Fyresdal, og førde eit aktivt liv til han døydde ein del år seinare enn kameraten.

Desse to har så funne sin siste kvilestad på Moland nye kyrkjegard, og dei er:

Michael Lutovskij Oberst Fødd: 12 07 1885 Død: 23 09 1975 Gravlagd: 30 09 1975 og

Vasilij Gaponov Oberst Fødd: 05 03 1882 Død: 30 05 1956 Gravlagd: Ikkje notera

På Moland nye kyrkjegard er og den sermerkte gravstaden til dei fire russiske krigsfangane som døydde i tysk fangenskap i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945.

Ekstern lenke