Sørestranda ungdomslag

Sideversjon per 7. aug. 2021 kl. 09:24 av Nseland (samtale | bidrag) (Bekreftelse Klaus Sletten)

Ivar Grøvik: Sunnmøre Frilynde Ungdomslag gjennom 60 år (1954):

Ungdomshuset Høgetun
Fondvegg Høgetun
Høgetun salen

Sørestranda ungdomslag vart skipa i 1911. Ungdomslaget hadde møta sine på skulehuset på Hellen fram til 1932, då ungdomshuset «Høgetun» vart bygd. Klaus Sletten, redaktør i Møre Tidend frå 1917 til 1920 eigde ein gard på Ikornnes og ga hustomt til laget. Mange utflytte «søre-strandingar» i Amerika ga gode pengegåver til huset, så laget var om lag skuldfri då huset sto ferdig.

Det har vore halde om lag 350 møte i laget, og 60 skodespel er framsynt. Idrottslaget og skyttarlaget er spirer frå ungdomslaget.

Lærar J. Fredriksen var første formannen, og både han og frua la ned eit stort arbeid i laget, og vart i 1936 heiderslemer. No i 1954 heldt laget minnefest for Fredriksen. Ola Tandstad var med i laget i mange år. Elles har Erling Eliassen lagt ned eit godt arbeid. Lagsbladet heiter «Trekloppa».

SYKKYLVEN GARDSSOGA III AV MARTIN GJÆVENES UTGJEVEN AV SYKKYLVEN SOGENEMND 1983:

«Bnr 13 SOLBERG, sidan HØGTUN Utskilt frå bnr 1 i 1920, skyld 2 øre. SØRESTRANDA UNGDOMSLAG Skøyte frå Klaus Sletten 6/11 1920 for 400 kr. Etter krav frå laget ved formannen Nils Stave, vart namnet endra frå Solberg til Høgtun i 1921. Men i daglegtalen levde det første namnet lenge. Sørestranda Ungdomslag gav forfattaren av dette bandet kulturprisen for 1979 for lokalhistorisk arbeid med gardssoge og boka Utvandrarane frå Sykkylven.»

Klaus Sletten var redaktør i Møre Tidend i Ålesund frå 1917 til 1920[1]

Referansar

  1. Allkunne.no