Sørestranda ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset Høgetun
Foto: Nils Seland, 2003.

Sørestranda ungdomslag i Sykkylven vart skipa i 1911. Det har vore halde om lag 350 møter i laget, og 60 skodespel er framsynt. Idrettslaget og skyttarlaget er spirer frå ungdomslaget. Lærar J. Fredriksen var første formannen. Lagsbladet heitte «Trekloppa».

Husa til laget

Ungdomslaget hadde møta sine på skulehuset på Hellen/Hella fram til 1932, då ungdomshuset Høgetun var ferdig. Klaus Sletten, redaktør i Møre Tidend frå 1917 til 1920, eigde i den perioden ein gard på Ikornnes og gav hustomt til laget på Solberg. Namnet på eigedomen blei endra frå Solberg til Høgetun i 1921, men i daglegtalen levde det første namnet lenge. Mange utflytte «søre-strandingar» i Amerika gav gode pengegåver til huset, så laget var omlag skuldfritt då huset sto ferdig.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Gjævenes, Martin: ''Sykkylven. Gardssoga: Band 3: Gardssoga 3. 1983. 704 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Grøvik, Ivar: Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag gjennom 60 år, 1954.