Sørsamisk drakttradisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørsamiske menn i solveggen Vålådalen i Åre i Jämtland en gong føre 1926. Legg merke til dei opne koftene.
Foto: G. Bergstedt

Den sørsamiske drakttradisjonen hører, som sørsamisk kultur generelt, heime frå sørlige deler av Hemnes/Storuman/Lycksele kommunar og sørover. Mot nord grensar den sørsamiske drakttradisjonen mot umesamisk drakttradisjon. Typiske trekk for sørsamisk drakttradisjon inkluderer V-opning i både kvinne- og mannskofter; barmklede med tinntrådsbroderi; mannskofter med ståande krage og, ofte men ikkje alltid, heil opning framme. Den sørsamiske drakttradisjonen hører, med sine V-opningar og barmklede, med til ein meir generell vestsamisk tradisjon som òg inkluderer umesamisk, pitesamisk og sørlig lulesamisk drakttradisjon.

Bibliografi og kjelder

  • Porscho, Susanna Jannok: «Ammarnäs – Tärnaby [–] Vilhelmina – Åsele», «Jämtland», «Härjedalen», «Dalarna[:] Idre», i Samedrakter i Sverige. (Skrifter från Ájtte ; 3) Jokkmokk : Svenskt Fjäll- och Samemuseum, 1999.
  • Wilks, Laila: «Sør-samisk drakt», i Norsk bunadleksikon, b. 3, s. 234–241.

Sjå òg