Pitesamisk drakttradisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pitesamisk kvinnekofte (t.v.) og mannskofte (t.h.) ved Dållågádden i Beiarn kommune.
Foto: Olve Utne (2017).

Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.

Slähppá (bringekledet) er gjerne dekorert med tinntrådbroderi på fleirfarga bakgrunn, ikkje berre på kragen som vanlig i lulesamisk drakttradisjon, men i eit stort kvadratisk felt på bringestykket, slik som det òg er vanlig i sørlig sørsamisk drakttradisjon.

Mann i pitesamisk kofte av nyare type attmed ein gåhte i Beiarn.
Foto: Norbert Kiss

Gáppte - kofta

I eldre tider var det vanlig å bruke skilltja — kofte av ugarva reinskinn, men i nyare tid er det stort sett gáppte av vadmel som blir bruka. Både kvinne- og mannskoftene følgjer den sørlige tradisjonen med V-opning i halsen, og tradisjonelt med slæhppá (barmklede). I snittet er den pitesamiske kofta relativt romslig, og ho ber noko preg av dressnitt. I kvinnekoftene går borden i halsopninga over i nakkeborden i éi linje, medan mannskofta har vinkel i overgangen og høg, opprett krage. Halsborden blir oppatteken ytst på erma. Kvinnekofta blir avslutta nedst med to eller fleire breie band med same mønsteret som halsborden, og med eit vove band, lissto, nedst. Mannskofta har ikkje desse banda, berre lissto som kanting nedst. Mannskofta har innlagte raude struvda, smale og dobbeltlagte tyrender mellom framstykket, bakstykket og erma; kvinnebunaden har ikkje struvda.

Det er tre variantar av bordar i pitesamisk område: Rette bordar, sikksakkbordar og broderte bordar. Den vanligaste i dag er sikksakkborden, og ei kofte med slike bordar blir kalla skárrjaldakgáppte. Bordane er gjerne breiare i ny tid enn tidligare.

Slähppá - bringekledet

Slähppá er bringekledet. Halskragedelen er oftast brodert i tinntrådsbroderi som i lulesamisk drakttradisjon. Det karakteristiske med pitesamiske sliehpá (pl.) i motsetning til umesamisk tradisjon men i likheit med deler av lulesamisk tradisjon, er at bringestykket har eit større, rektangulært dekorområde med fleire farga felt med tinntrådbroderi på. Manns-slähppáen har blå grunnfarge i midtdelen av bringestykket og kvinne-slähppáen har raud. Ein annan variant er brodert i perlebroderi. Denne varianten blir sagt å vere innlånt frå umesamisk drakttradisjon, og han følgjer da òg umesamisk utforming med tversgåande striper i halvmåneform med perlebrodert stjernemønster.

Ávve - beltet

Det vanligaste beltet til den pitesamiske kofta er eit vove belte med duskar. Beltet er fleirfarga med ruter i blått for menn og raudt for kvinner. Til høgtider brukar mange eit arva stølbelte med same sort sølvstølar som til kvinne-nordmørsbunaden og med lauvheng eller mølnsteinsheng.

Båkså - bukser

I nyare tid blir det mest brukt bukser i vanlig vestlig snitt under mannskofta.

Gábmaga ja vuaddaga - sko og skoband

Hovudplagg

Den sjøsamiske drakta?

Hittil er det ikkje funne noko eksempel på bufinn- eller bygdefinndrakter i Sør-Salten. Det er dermed ikkje kjent om bufinnkofta låg nærmast arjeplogssamiske, tysfjordsamiske, umesamiske eller andre koftetradisjonar. Det vi likevel kan rekne med, er at bufinnkoftene hørte til den sørlige V-opningstradisjonen.

Fotnotar