Sørsamisk drakttradisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørsamiske menn i solveggen Vålådalen i Åre i Jämtland en gong føre 1926. Legg merke til dei opne koftene.
Foto: G. Bergstedt

Den sørsamiske drakttradisjonen hører, som sørsamisk kultur generelt, heime frå sørlige deler av Hemnes/Storuman/Lycksele kommunar og sørover. Mot nord grensar den sørsamiske drakttradisjonen mot umesamisk drakttradisjon. Typiske trekk for sørsamisk drakttradisjon inkluderer V-opning i både kvinne- og mannskofter; barmklede med tinntrådsbroderi; mannskofter med ståande krage og, ofte men ikkje alltid, heil opning framme. Den sørsamiske drakttradisjonen hører, med sine V-opningar og barmklede, med til ein meir generell vestsamisk tradisjon som òg inkluderer umesamisk, pitesamisk og sørlig lulesamisk drakttradisjon.

Draktdeler og namn

Gåptoe eller gapta er det sørsamiske namnet på kofta. I eldre tid vart sommarkofta sauma av avhåra reinskinn, men fram mot nyare tid har slitesterkt ull-vadmål mykjegodt teke over. Både kvinnekofta og mannskofta har V-utringing. Mannskofta er lårsid — i nyare tid gjerne ned til midten av låret, og i eldre tid ofte ned mot kneet. Kvinnekofta varierer frå noko under kneet til bortimot fotsid.

Bibliografi og kjelder

  • Porscho, Susanna Jannok: «Ammarnäs – Tärnaby [–] Vilhelmina – Åsele», «Jämtland», «Härjedalen», «Dalarna[:] Idre», i Samedrakter i Sverige. (Skrifter från Ájtte ; 3) Jokkmokk : Svenskt Fjäll- och Samemuseum, 1999.
  • Wilks, Laila: «Sør-samisk drakt», i Norsk bunadleksikon, b. 3, s. 234–241.

Sjå òg