Søve gruver

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. feb. 2018 kl. 13:05 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Søve gruver''' er eit nedlagt gruveanlegg i Fensfeltet nærme Ulefoss i Telemark fylke. «Cappelengangen» ligg ved Søvestranda og «Hydrogangen» ligg mellom Sø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Søve gruver er eit nedlagt gruveanlegg i Fensfeltet nærme Ulefoss i Telemark fylke.

«Cappelengangen» ligg ved Søvestranda og «Hydrogangen» ligg mellom Søvestranda og Tangen.

Drifta var basert på kalksteinsmineralet søvitt, som blei oppdaga i 1920. I 1921 publiserte professor C. W. Brøgger sitt store verk Das Fengebiet in Telemark, Norwegen. Der introduserte han omgrepet «søvitt» fyrste gongen. Søvitten inneheld grunnstoffet Niob som m.a. kan nyttast i stållegeringa i produksjon av våpenrakettar.[1]

2. verdenskrig

Under 2. verdskrig blei det mangel på råstoff til produksjon av kunstgjødsel, og søvittens innhald av fosfor og kalk gjorde mineralet interessant som gjødselråstoff. I juni 1942 mottok Norsk HydroHerøya 50 tonn søvitt frå Søve gruver, og starta forsøk på å framstille gjødsel til landbruket med utgangspunkt i råstoffet. Norsk Hydro var skeptisk til om søvittforekomsten på Søve egna seg til å drive effektiv gjødselproduksjon, og innstilte forsøka i 1944. Tyskarane heldt imidlertid fram å utvikle rakettar som krevde tilgang på mineralet, og Søve gruver fekk dermed ei strategisk betydning for den tyske krigsmakta. I juli 1943 ankom ei gruppe tyske geologar Ulefoss. Dei skulle undersøke om mineralet frå Søve gruver kunne nyttast i framstillinga av dei sokalla V1- og V2-rakettane, som Hitler få veker tidlegare hadde gjeve høgste prioritet etter å ha skrinlagt ambisjonane om å utvikle atomvåpen.[2]

Etterkrigstida

Produksjonsnivået var til tider oppe i 100 000 til 130 000 tonn i året. Av denne massa kunne ein på det meste ta ut ca. 350 til 400 tonn niob.

Den totale arbeidsstokken i gruvene var på 110 gruvearbeidarar og 15 funksjonærar. Gruvedrifta pågjekk fram til 1963, då gruva blei nedlagt.

Referanser

  1. Hedlund, 1995, s. 12
  2. Hedlund, 1995, s. 12

Eksterne lenker

  • Gerhard Hedlund: Niob : romfartsmetallet fra Ulefoss : gruvene på Søve 1942-45 og 1952-65, Ulefoss, 1995. Lenke til digital utgåve på bokhylla.