Søve gruver

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Søve gruver er eit nedlagt gruveanlegg i Fensfeltet i nærleiken av Ulefoss i Telemark. Drifta var basert på kalksteinsmineralet søvitt, som blei oppdaga i 1920. I 1921 publiserte professor C. W. Brøgger sitt store verk Das Fengebiet in Telemark, Norwegen. Der introduserte han omgrepet «søvitt» fyrste gongen. Søvitten inneheld grunnstoffet Niob som m.a. kan nyttast i stållegeringa i produksjon av våpenrakettar.[1] «Cappelengangen» låg ved Søvestranda og «Hydrogangen» låg mellom Søvestranda og Tangen.

Andre verdenskrig

Under 2. verdskrig blei det mangel på råstoff til produksjon av kunstgjødsel, og søvittens innhald av fosfor og kalk gjorde mineralet interessant som gjødselråstoff. I juni 1942 mottok Norsk HydroHerøya 50 tonn søvitt frå Søve gruver, og starta forsøk på å framstille gjødsel til landbruket med utgangspunkt i råstoffet. Norsk Hydro var skeptisk til om søvittforekomsten på Søve egna seg til å drive effektiv gjødselproduksjon, og innstilte forsøka i 1944. Tyskarane heldt imidlertid fram å utvikle rakettar som krevde tilgang på mineralet, og Søve gruver fekk dermed ei strategisk betydning for den tyske krigsmakta. I juli 1943 ankom ei gruppe tyske geologar Ulefoss. Dei skulle undersøke om mineralet frå Søve gruver kunne nyttast i framstillinga av dei sokalla V1- og V2-rakettane, som Hitler få veker tidlegare hadde gjeve høgste prioritet etter å ha skrinlagt ambisjonane om å utvikle atomvåpen.[2]

Etterkrigstida

Produksjonsnivået var til tider oppe i 100 000 til 130 000 tonn i året. Av denne massa kunne ein på det meste ta ut ca. 350 til 400 tonn niob.

Den totale arbeidsstokken i gruvene var på 110 gruvearbeidarar og 15 funksjonærar. Gruvedrifta pågjekk fram til 1963, då gruva blei nedlagt.

Referanser

  1. Hedlund, 1995, s. 12
  2. Hedlund, 1995, s. 12

Eksterne lenker