Gerhard Hedlund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerhard Hedlund (fødd 1921, død 1998) kom frå Ulefoss i Telemark. Han var redaktør, journalist, lokalhistorikar og forfattar.

Liv og virke

I ei rekke år etter krigen gav Hedlund ut Ulefoss Avis. I 1962 vart han fast tilsett som journalist i skiensavisa Varden. Med kontor i hadde han Midt-Telemark som arbeidsfelt fram til pensjonsalder.

Hedlund publiserte utallige avisartiklar med tema frå det gamle Ulefoss. Han la særleg vekt på stadens lange industritradisjonar; jernverk og treindustri, politikk og organisasjonsliv, handel, samferdsel og personar med tilknytting til Ulefoss og Telemark elles.

Ein ufullstendig bibliografi tel meir enn 125 større artiklar med historisk tilsnitt, samt meir enn tjuge publikasjonar i bokform, medrekna den historiske romana "På baronens tid" frå 1996.

Gerhard Hedlund var i tillegg ein stor bidragsytar til det lokalhistoriske tidsskriftet Holla-minner. Skriftets utgåve nr 13 – 1999 er i stor grad via Hedlund sitt virke og forfattarskap.

I 1989 mottok Hedlund Nome Kommunes kulturpris, i tillegg til Holla Historielags utmerkelse.

Bibliografi

  • Hedlund, Gerhard: Holla skytterlag 1876-1976, 1976
  • Hedlund, Gerhard: Banken og bygda : Holla sparebank 1877-1977. Utg. Holla sparebank. 1977. 128 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: Muntre historier fra Telemark, 1978
  • Hedlund, Gerhard: Ulefoss-bilder, 1980
  • Hedlund, Gerhard: Fra krambu til stormarked : Handelshuset Th.E. Gundersen gjennom 100 år, 1986
  • Hedlund, Gerhard: Kristiane Lund : bogestrok frå eit spelemannsliv, 1989
  • Hedlund, Gerhard: Det gamle Ulefoss, 1991
  • Hedlund, Gerhard: Fra "Holden Jernværks og Ulefos Saugs Skole" til Ulefoss skole : Ulefoss skole 1743-1993. Utg. Nome kommune. 1993. 48 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: Høyre i Nome 1893-1993. 1993. 40 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: Fen : historie og tradisjoner. Utg. Nome antikvariat. 1994. 23 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: Landsmarka - skogsbygd med tradisjoner. Utg. Nome antikvariat. 1994. 48 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: 12 profiler fra Holla og Lunde. Utg. Nome antikvariat. 1995. 48 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Hedlund, Gerhard: Lille Ulefos og sagbrukssamfunnet, 1995
  • Hedlund, Gerhard: Niob-Romfartsmetallet fra Ulefoss, 1995
  • Hedlund, Gerhard: På baronens tid, 1996
  • Hedlund, Gerhard: I lovens navn, med Harald Bache Bystrøm, 1998
  • Hedlund, Gerhard: Holla sparebank 125 år, med Per Bernt Tufte, 2002

Kjelder

  • Biografi på telemarksportalen. Lenke.