Søvesten

Søvesten er ei lokalavis for Hemne og omegn, med kontor på Kyrksæterøra. Avisa blir publisert på torsdagar, den første utgåva kom ut i 1994 [1]. Avisa blir fulldistribuert ein gong i månaden til alle husstandane i Heim og Aure, og i tillegg tidligare Snillfjord kommune. Utgjevar sidan juni 2016 er Dronningberget AS.

Historikk

Søvesten vart starta i 1994 av Hemne Bladlag.

I 1999 gjekk utgjevaransvaret over til Søvesten Media AS, som vart drive av fem personar som eigde like stor del av selskapet. Desse var: May Synnøve Bjørkaas, Helga Hjorthol, Mona Grøtnes, Anja Skipnes og Torbjørn Pande.

I juni 2016 vart avisa seld til holding- og investeringsselskapet Dronningberget AS, og ny styreleiar i avisa vart eigaren av selskapet, Svein Halvor Moe frå Meråker. Selskapet eig også andre aviser, mellom anna Klæbuposten og Gauldalsposten.

Før salet hadde Søvesten i alt fem tilsette, dette vart så redusert til ein tilsett i hundre prosent stilling og ein tilsett i åtti prosent stilling. Denne endringa vart gjort for å få meir pengar til å leige inn frilansarar.

Kjelder

Fotnotar