Saltværing: Forskjell mellom sideversjoner
m (herkat) |
(litt meir) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>'''[[Saltværing]]''', òg stundom kalla ''saltenmål'' eller ''saltendialekt'', er den tradisjonelle dialekten i regionen [[Salten]] i [[Nordland fylke]]. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen [[apokope]]rte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt [[Bodø]] og i nokon grad [[Fauske]] ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av [[1900-talet]] har [[bymål]]et bodøværing og sentrumsmålet | <onlyinclude>'''[[Saltværing]]''', òg stundom kalla ''saltenmål'' eller ''saltendialekt'', er den tradisjonelle dialekten i regionen [[Salten]] i [[Nordland fylke]]. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen [[apokope]]rte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt [[Bodø]] og i nokon grad [[Fauske]] ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av [[1900-talet]] har [[bymål]]et bodøværing og sentrumsmålet på [[Fauske]] påverka dialekten i resten av Salten stadig meir. </onlyinclude> | ||
{{innhald høgre}} | |||
== Lydverk == | == Lydverk == | ||
=== Konsonantar === | === Konsonantar === | ||
Dialekten har [[tjukk l]] av historisk ''l'', men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein [[retrofleks flapp]] dei fleste stadene, men ofte som ein [[retrofleks lateral]] i [[Bodø]]. (I [[Moskenes]] kommune i [[Lofoten]], rett over [[Vestfjorden]] frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein [[alveolopalatal lateral]].) Historisk ''rð'' blir uttala som ''r'' i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får [[palatalisering|palatalisert]] uttale i trykksterk posisjon. | Dialekten har [[tjukk l]] av historisk ''l'', men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein [[retrofleks flapp]] dei fleste stadene, men ofte som ein [[retrofleks lateral]] i [[Bodø]]. (I [[Moskenes]] kommune i [[Lofoten]], rett over [[Vestfjorden]] frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein [[alveolopalatal lateral]].) Historisk ''rð'' blir uttala som ''r'' i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får [[palatalisering|palatalisert]] uttale i trykksterk posisjon. | ||
Trykklett ''-m'' fell bort i utlyd: | |||
:''jøno'' (gjennom), ''så'' (som) | |||
Endingane ''-rn(-)'', ''-nn(-)'' og ''-nd(-)'' har som hovudregel gått over til enkel, dental ''-n(-)'' i trykklette stavingar: | |||
:''liggan'' (liggande), ''framkåmmanes'' (framkommande, framkommeleg), ''dagan'' (dagane) | |||
=== Vokalar === | === Vokalar === | ||
Det er utstrakt [[apokope]] i dialekten. Historisk ''a''-ending i [[infinitiv]] og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (''å fe’sk'', ''å gjæ’r'', ''ei vi’s'', ''ei | |||
==== Lange vokalar ==== | |||
Utlydande ''-a'' er vorte til ''å'' i ord som ''då''. Dialekten har både ''-é'' og ''-æ'' i trykksterk utlyd: | |||
:''mé'' (meg); ''mæ'' (med) | |||
==== Trykklette vokalar ==== | |||
I endinga ''-leg''/''-lig'' har dialekten uttalen ''-li'': | |||
:''enneli'' (endeleg), ''hǿveli'' (høveleg), ''passeli'' (passeleg), ''tíli'' (tidleg) | |||
Endinga ''-ut'' har tildels uttalen ''-åt'' i eldre mål, medan yngre mål helst har uttalen ''-at'': | |||
:''pjuskåt''/''pjuskat'' (pjuskut), ''slørvat'' (slurvut) | |||
Endingane ''-an'' og ''-um'' blir i hovudsak uttala som ''-o'' i eldre mål, men varierer med ''-a'' — særleg i yngre mål og i nærheita av Bodø: | |||
:''jøno'' (gjennom), ''attopå'' (attanpå, etterpå), ''øustovinn'' (austavind), ''fåkko'' ([[fokke|fokka]]), ''sío'' (sida), ''lekså'' (liksom), ''inna'' (innan) | |||
==== Apokope ==== | |||
Det er utstrakt [[apokope]] i dialekten. Historisk ''a''-ending i [[infinitiv]] og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (''å fe’sk'', ''å gjæ’r'', ''ei vi’s'', ''ei vé’k(k)''). Historisk ''i''/''u''-ending, inkludert føre historisk ''-t'' og ''-r'', har òg falle bort i dei fleste falla (''ikkj’'' (‘ikkje’), ''enn o’ks'', ''på ta’k'' (‘på taket’), ''ma’ng søu’'' (‘mange sauer’), ''ma’ng bø’tt'' (‘mange bøtter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av [[jamvektsregelen]] slik ein ser det i [[austnorsk]], men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar. | |||
=== Prosodi === | === Prosodi === | ||
Linje 19: | Linje 48: | ||
Av [[pronomen]]a og [[adverb]]a er å merke seg: | Av [[pronomen]]a og [[adverb]]a er å merke seg: | ||
* ''é'', ''mé'' ( | * ''é'' (eg), ''mé'' (meg) | ||
* ''hån'' (han) | * ''hån'' (han) | ||
* ''da'' (det) | * ''da'' (det) | ||
* ''denn'' / | * ''denn'' / ''dann'' | ||
* ''hér å dar'' (her og der) | * ''hér å dar'' (her og der) | ||
* ''dokk'' (de, dykk) | |||
* ''dí'' (dei, dem) | |||
=== Substantiv === | === Substantiv === | ||
Linje 35: | Linje 66: | ||
==== Inkjekjønnsord ==== | ==== Inkjekjønnsord ==== | ||
Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord ender alltid på ''-an'': | |||
: ''bóran, húsan, mǿtan'' | |||
=== Verb === | === Verb === | ||
=== Infinitiv === | |||
Infinitiv er alltid [[apokope]]rt i saltværing: | |||
:''å kjǿ’p, å ko’mm, å ve’tt'' | |||
== Syntaks == | == Syntaks == | ||
=== Dativ === | === Dativ === | ||
Det finst dokumentert enkelte [[dativ]]former i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma '' | Det finst dokumentert enkelte [[dativ]]former i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma ''[[Lofoten|Lóffóta]]'' i eldre mål nokre stader. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som [[relikt]] i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Den mest kjente stivna dativforma er nok sjølve forma ''Salten'' — som opprinneleg er dativforma av det gamle landskapsnamnet, ''Salta''. | ||
== Bymål == | == Bymål == | ||
=== Bodø === | === Bodø === | ||
Bymålet i [[Bodø]] skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene ''æ''/''mæ'' (for ''é''/''mé''), ''me'' (for ''mæ'', ‘med’), ''nu'' (for ''no''), ''ikke'' eller ''ikkje'' (for ''ikkj(e)''), ''de'' (for ''da''', ‘det’) og ''hær å dær'' (for ''hér å dar''). | Bymålet i [[Bodø]] skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene ''æ''/''mæ'' (for ''é''/''mé''), ''me'' (for ''mæ'', ‘med’), ''nu'' (for ''no''), ''ikke'' eller ''ikkje'' (for ''ikkj(e)''), ''de'' (eldre ''dæ'', for ''da''', ‘det’) og ''hær å dær'' (for ''hér å dar''). | ||
=== Fauske === | === Fauske === | ||
Linje 53: | Linje 92: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
{{Beito 1973}} | * {{Beito 1973}} | ||
{{Kolsrud 1974}} | * {{Kolsrud 1974}} | ||
{{Q1}} | {{Q1}} |
Sideversjonen fra 3. sep. 2008 kl. 21:17
Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.
Lydverk
Konsonantar
Dialekten har tjukk l av historisk l, men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein retrofleks flapp dei fleste stadene, men ofte som ein retrofleks lateral i Bodø. (I Moskenes kommune i Lofoten, rett over Vestfjorden frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein alveolopalatal lateral.) Historisk rð blir uttala som r i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får palatalisert uttale i trykksterk posisjon.
Trykklett -m fell bort i utlyd:
- jøno (gjennom), så (som)
Endingane -rn(-), -nn(-) og -nd(-) har som hovudregel gått over til enkel, dental -n(-) i trykklette stavingar:
- liggan (liggande), framkåmmanes (framkommande, framkommeleg), dagan (dagane)
Vokalar
Lange vokalar
Utlydande -a er vorte til å i ord som då. Dialekten har både -é og -æ i trykksterk utlyd:
- mé (meg); mæ (med)
Trykklette vokalar
I endinga -leg/-lig har dialekten uttalen -li:
- enneli (endeleg), hǿveli (høveleg), passeli (passeleg), tíli (tidleg)
Endinga -ut har tildels uttalen -åt i eldre mål, medan yngre mål helst har uttalen -at:
- pjuskåt/pjuskat (pjuskut), slørvat (slurvut)
Endingane -an og -um blir i hovudsak uttala som -o i eldre mål, men varierer med -a — særleg i yngre mål og i nærheita av Bodø:
- jøno (gjennom), attopå (attanpå, etterpå), øustovinn (austavind), fåkko (fokka), sío (sida), lekså (liksom), inna (innan)
Apokope
Det er utstrakt apokope i dialekten. Historisk a-ending i infinitiv og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (å fe’sk, å gjæ’r, ei vi’s, ei vé’k(k)). Historisk i/u-ending, inkludert føre historisk -t og -r, har òg falle bort i dei fleste falla (ikkj’ (‘ikkje’), enn o’ks, på ta’k (‘på taket’), ma’ng søu’ (‘mange sauer’), ma’ng bø’tt (‘mange bøtter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av jamvektsregelen slik ein ser det i austnorsk, men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar.
Prosodi
I typisk saltværing skil ein mellom tonem 1 og tonem 2 av fleirstavingsord på liknande vis som i dei fleste andre norske dialektane. Det same skiljet finn ein i einstavingsord — der tonem 2 som hovudregel blir bruka i ord med apokope. Vi får dermed minimale par som tak (‘tak’) / ta’k (taket) og søu (‘sau’) / søu’ (‘sauer’). Stadnamn med apokope og tonem 2 inkluderer Fauske, som tradisjonelt blir uttala Føu’sk.
I og nærme Bodø er det noko ustøheit i tonelaga, og ein del menneske ser ut til å mangle skilnaden mellom tonem 1 og tonem 2.
Formverk
Pronomen og adverb
Av pronomena og adverba er å merke seg:
- é (eg), mé (meg)
- hån (han)
- da (det)
- denn / dann
- hér å dar (her og der)
- dokk (de, dykk)
- dí (dei, dem)
Substantiv
Hankjønnsord
Hokjønnsord
Det er skilje mellom sterke og linne (svake) hokjønnsord i bunden form eintal: e bók / dann bókja; e ví’s / dann víso. A-endingane spreier seg i yngre mål. Ubunde fleirtal av hokjønnsord er oftast apokopert: en søu / tó søu’; e bø’tt / tó bø’tt.
Konsonantstammar får gjerne -er i ubunde fleirtal, og endatil -ern i bunde fleirtal: bǿker, bǿkern.
Inkjekjønnsord
Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord ender alltid på -an:
- bóran, húsan, mǿtan
Verb
Infinitiv
Infinitiv er alltid apokopert i saltværing:
- å kjǿ’p, å ko’mm, å ve’tt
Syntaks
Dativ
Det finst dokumentert enkelte dativformer i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma Lóffóta i eldre mål nokre stader. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som relikt i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Den mest kjente stivna dativforma er nok sjølve forma Salten — som opprinneleg er dativforma av det gamle landskapsnamnet, Salta.
Bymål
Bodø
Bymålet i Bodø skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene æ/mæ (for é/mé), me (for mæ, ‘med’), nu (for no), ikke eller ikkje (for ikkj(e)), de (eldre dæ, for da', ‘det’) og hær å dær (for hér å dar).
Fauske
Endringstendensar i moderne saltværing
Kjelder
- Beito, Olav T.: Norske målføretekster. (Skrifter frå Norsk målførearkiv: XVIII) Oslo (Universitetsforlaget), 1973.
- Kolsrud, Sigurd: Nynorsken i sine målføre. Oslo (Universitetsforlaget), 1974. ISBN 82-00-01371-5.